Dette intervjuet med Nishimura vart gjort i 2025. Han gjekk bort i mai 2026.
Yoshihiro Nishimura er manusforfattar, spesialeffektansvarleg, kostymeansvarleg, regissør og klippar på kultfilmar som Tokyo Gore Police (2008), Mutant Girls Squad (2010), Meatball Machine Kodoku (2017), Samurai Ninja Onimanji (2023), og til slutt, Geisha War.
I tillegg har Nishimura gjort praktiske effekter for Sion Sono (TAG, Tokyo Tribe), Hideaki Anno (Neon Genesis Evangelion, Shin Godzilla) og Takashi Shimizu (Ju-On). Nishimura viser også fram eit foto som indikerer at han var inni monsteret i Shin Godzilla, men meir om det seinare.

Starten
Ein stille ettermiddag i Tokyo nevner min teikneseriekollega Ida Neverdahl at hennar favorittfilm som attenåring var gore-filmen Tokyo Gore Police. Ein lavbudsjetts splatter-action-sci-fi med humoren og politikken til Robocop (Paul Verhoven, 1987), ultravolden til Riki-Oh (Lam Ngai Kai, 1991) og monsterdesign som ligg ein stad mellom Junji Ito og David Cronenberg.
Eg leiter opp regissøren på nett og slenger impulsivt over ei melding der eg forklarer at vi er to teikneserieskaparar på studietur i Japan, og at vi gjerne kunne tenkt oss å intervjue han, men at det ikkje er så farlig, altså. Det er viktig å ikkje dytte folk opp i eit hjørne, spesielt om dei er japanarar.
Til mi store overrasking får eg svar neste dag. Nishimura er positiv!
Etter at ein snill eldre mann på gata har hjelpt oss finne rett adresse (blant anna ved å ringe på ei tilfeldig dør og spørre dama i huset om ho veit kvar Nishimura har kontor!) så åpnar ein veldig blid og opplagt Nishimura døra i blokka si. Med rosa skjegg, barbert hovud og sprudlande energi minner han litt om master Roshi frå «Dragon Ball».
Eg mistenker at Nishimura er svak for slapstick, så på veg inn passar eg på å dunke mitt enorme hovud mot toppen av dørkarmen hans.
Suksess.

Frå Harryhausen til Godzilla
Studioet er ikkje enormt, men romsleg etter Tokyo-målestokk. Langs veggane står bokhyller stabla med manga av alle slag, samt filmar, både hans eigne og andre. Kona hans jobbar på ein pult, medan Nishimura sjølv har sin PC i eit hjørne. Ein haug vinylfigurar av ulike monster står posert på ei hylle. Monsterfigurar er ein fundamental del av japansk interiør for nerdar, det å ha ein del Godzilla- og Ultraman-figurar ståande er heilt openbart ein slags sosial markør, men akkurat kva dei representerer er eg ikkje sikker på. Dei er masseproduserte, men også airbrush-malte for hand. Dei er stort sett billige men kan også vere dyre om dei er litt eksklusive, dei er robuste og tåler å falle hit og dit og bli leika med, men kan også vere skjøre og dyrebare.
Nishimura forklarer at hans første inspirasjonskilde i barndommen var Ray Harryhausen og hans stop-motion monster, men at han også såg alle episodane av den japanske animasjonen basert på dei svenske viking-barnebøkene om Vikke i vesterled, av Runer Jonsson.
Han er sjølvlært i spesialeffekter, og som makeup-ansvarleg har han 88 filmar på CV-en. Ved hjelp av miming og Google Translate får han vist oss at han både var med å lage og var inni den praktiske animatronic-modellen av Shin Godzilla (2016). Sjølv om denne vart erstatta av CGI i den ferdige filmen, var den viktig for å gi realisme til CGI-modellen dei brukte.
For oss er Nishimura først og fremst filmane han har laga sjølv. Tokyo Gore Police har ein snegle-prostituert, ei dame med krokodillemunn i staden for bein, og ein kvadruppel-amputant som trippar rundt på fire samuraisverd. (Dette såg såpass ekte ut at eg var i tvil om det var CGI, men Nishimura bekrefta at ho har alle kroppsdeler intakt, han fann ein pole-danser og fjerna armane og beina hennar med grøn maling.)

Inspirasjon går mange vegar
I Tokyo Gore Police er det reklamefilmar frå filmen sitt fiktive univers, mellom anna for søte tapetknivar for tenåringsjenter. Reklamefilmane var eit forslag frå Nishimura sin kompis for å lette på den mørke stemninga i filmen, men styrkar også assosiasjonane til Paul Verhoeven sin Robocop.
Søte, sjølvskadande tenåringsjenter dukkar også opp i reklamemateriellet til Kristoffer Borgli sin DRIB (2017). Og der Tokyo Gore Police har ein skurk som pumpar lik tomme for blod og fyller blodet på flasker, har Borgli sin musikkvideo Wander (2010) ein mann som tappar mjølk frå eit lik og fyller mjølka på flasker. Det er … ein tynn parallell, og eg nevner kanskje dette mest fordi det var eg som spelte mannen som tappa mjølk. Men vi kan ikkje sjå bort frå at Borgli har sett Nishimura.
Litt likare: Robert Rodriguez sin Grindhouse-film Planet Terror (2007) har ei heltinne med automatgevær-protese, og det følest skamlaust likt Tokyo Gore Police. Har Nishimura og Rodriguez kontakt?
– Nei, ikkje Rodriguez, men Tarantino prøvde å besøke meg då han var her for å skyte Kill Bill.
Ikkje så overraskande. Spesielt scena der O-Ren Iishii får toppen av kraniet kappa av i Kill Bill er særs Nishimura-aktig. Og … Tarantino var på besøk?
– Nei. Eg var oppteken med jobb.

Med visjonen i hendene
Nishimura starta karrieren sjølvlært, med å lage spesialeffekter for andre. Det går mykje i latex, skumlatex og Super Sculpey. Han gjer også kostyma sine sjølv. Over tid vart han også frista til å lage film. Hans aller første var den 54 minutt lange Anatomia Extinction (1995). Tokyo Gore Police, tretten år seinare, var ein slags remake av denne.
Manus til Tokyo Gore Police tok ein månad å skrive. Deretter brukte han ein månad på å lage kostyme og spesialeffekter, to veker på å skyte alt, og to veker på klipping. Totalt: Tre månader på å lage ein spelefilm.
Eg er usikker på om det er ein språkleg glipp, men det virkar som om Nishimura seier at han ein gong tok 140 tagninger på ein dag.
– One take of everything?
– Yes, yes. One take!
Det er klart det sparer ein del tid i klippen når alt er gjort på første tagning. Ikkje noko grubling på kva for ein take ein skal bruke! Men korleis klarer resten av filmcrewet å forstå kva som skjer når alt skal gå så fort?
Nishimura dreg fram ei skissebok. Den inneheld storyboarda til heile Tokyo Gore Police. Saman med teikningar av kostyme og design-idéar til mutasjonar er passfoto og utklipp frå aviser limt inn … nei, printa inn i boka. Ein kopi! Nishimura forklarer at han storyboardar heile filmen i ei Life Noble Notebook plain (visstnok skissebøkenes Rolls Royce) og så får han trykka hundre kopiar av den. Veldig praktisk: Alle i crewet har Nishimura sin visjon i hendene.
Berusa av kreativ begeistring spør eg om han har originalen. Umiddelbart snur Nishimura seg og plukkar ei 30% mindre bok ut av hylla.

Kroppsdelsbiblioteket
Så tek han oss ned i første etasje der han har rekvisittvåpen, mannekengar og kasser med avkappa kroppsdeler liggande. Det er ganske stor variasjon i rekvisittane. Nokre av dei er meisterverk, andre er tydeleg halloween-pynt. Men … er det så nøye? Nishimura oppviser like stor glede over ein avkappa arm enten den er av silikon eller hul plast.
Er Nishimura eigentleg særleg stor i Japan, eller er hans kjendisstatus meir avhengig av det internasjonale miljøet?
– Gore er ikkje særleg stort i Japan, for … vi hadde ein hendelse. I 1988. Ein seriemordar som drap fire barn. Rommet hans var fullt av nerde-greier og horrorfilmar. Etter arrestasjonen av the otaku killer, nerde-drapsmannen, gjekk Japan gjennom ein stor samfunnsdebatt som ligna på satanic panic-bølga i vesten.
Og den typen bloddryppande gru som Nishimura brenn slik for vart aldri like stort igjen. Men det har ikkje hindra Nishimura i å lage blodige filmar.
– Kva inspirerte deg då du var liten?
– Ray Harryhausen! Jason og Argonautene.
Eg lurer på kor mykje av japansk kaiju-kultur som kjem frå Harryhausen. I Tokyos største actionfigurbutikk AmiAmi er det nesten ingenting frå vesten – men dei har plass til actionfigurar av Harryhausen sine skjelettkrigarar frå Argonautene.
Kva filmskaparar likar du i dag?
– David Lynch!
Lynch, ja! Eg nevner Lynch sin The Straight Story (1999) og spør Nishimura om han har forsøkt å lage filmar utan masse spesialeffekter og gørr.
Dette er ein type spørsmål som er litt frekt, fordi det har i seg ei slags hinting om filmar der armar ikkje blir kappa av er meir ekte og skikkelege enn filmar der armar blir kappa av. Nishimura tek heldigvis ikkje denne frekkheta ille opp. Han svarer at han har gjort mykje forskjellig:
– Kodoku Meatball Machine er meir action/scifi og mindre gore enn Tokyo Gore Police. Samurai Ninja Onimanji er rein action, nesten ikkje gore!
Det virkar som det snodige regissørmiljøet i Japan er ganske samansveisa. Nokre av dei har hatt enorme hits, som Hideaki Anno. Andre, som Takao Nakano, har produsert jevnt og trutt i årevis, og enda opp som undergrunnslegender på rein kondis. Miike Takashi er litt av begge: Han lagde ein bråte billige Yakuza-filmar med meir og meir aparte plott, før hans hang til snodighet, sentimentalitet og sjokkerande vold koaguerte i Audition i 1999 og Ichi the killer i 2001.
Nishimura har ikkje hatt eit like stort internasjonalt gjennombrot som kompisane Miike og Anno, men virkar såre nøgd med sin mellomposisjon som jevn travar, og vestleg interesse er stigande. I 2025 kom Holy Mother (2022), med Eihi Shiina frå Audition, ut i vesten. Og produsent Robert Rhine har kobla seg på han med Geisha War, som er i postproduksjon no.
Etter intervjuet og møtet med Yoshihiro-sensei i mars 2025, var planen å få han invitert til Ravenheart-festivalen i Oslo, så han kunne få oppfylt sin draum om å dra på sauna i Noreg. Men han slutta å svare på meldinger, så eg rekna med han var midt i eit nytt filmprosjekt.
26. mai i 2026, etter å ha levert inn denne saka, såg eg at han var død av levercirrhose. Det var sjokkerande, eg såg ingen teikn til skrantande helse hos den vitale mannen som viste oss sine kasser med plast-kroppsdelar og plast-macheter. Ei heller såg eg nokon tomflasker eller hint av alkoholmisbruk, som jo er første mistenkte når ein kunstnar døyr av skrumplever. (Ein kan også få skrumplever av andre årsaker.) Kva som enn er grunnen, så er det sørgeleg.
I høve dødsfallet ba eg om mulighet til å gå gjennom artikkelen ein gong til, og sjå om eg ville endre noko. Men det som begeistrar meg med Nishimura, og andre, er ikkje at det dei lagar er perfekt, men at dei lagar det, og slepper det ut i verda. Så i den ånda valgte eg å ikkje endre noko.
Øystein Runde er tegneserieskaper og ansvarlig for tegneseriene Margarin, Olav Sleggja og Bjartmann. For tiden lager han faktabøker og en reboot av julehefte-scifi-helten Ingeniør Knut Berg på eventyr. Mer på www.oysteinrunde.no.
Les mer om japansk film
- Les om den japanske filmskaperen Takashi Miike og The Happiness of the Katakuris i temanummeret om kultfilm (2-2026, kun på papir)
- Sandra Mileo, om otaku i artikkelen «Animé på hodeputa» i Z 4-2013. (Kun på papir) .
- temanummer om Japan, 4-2011
- temanummer om Japan 3-2002, temaredaktør Gunnar Iversen.


