Latterleggjering der alle smiler? NRK-serien Svart Humor

Programleiar Yousef Hadaoui går rundt på Grønland og stiller folk spørsmål. Spørsmål som «Det er mange som sier vi burde trekke oss ut av Afghanistan. Men hva med okkupasjonen av Finland, burde vi ikke trekke oss ut derfra først?» Dei fleste han intervjuer har innvandrarbakgrunn, og dei svarer med alvorleg mine: «ja, jo, det bør vi. Finland, er det mange problem der?»

NRK sitt program Svart Humor er klassisk misforståingshumor: Me ler av folk som svarar alvorleg på tullete spørsmål, som trur at «diplomat» er typisk norsk mat, og som tar det bokstaveleg når Yousef spør korleis han kan hjelpe ein ven ut av skapet: han bør ringe ein snekkar. Samstundes er det ein viss type menneske som kjem med desse underhaldande svara: Folk ein kan møte på Grønland på dagtid, det vil seie for det aller meste innvandrarar, med nokre innslag av nordmenn som framstår som rusa, eller i alle fall som om dei har vore mykje rusa i løpet av livet. Er Svart Humor eit alibi for å latterleggjere svake grupper?

Om humor er undertrykkande eller frigjerande har vore eit sentralt tema i humorforskinga dei siste to hundre åra, ikkje minst når det gjeld såkalla etnisk humor – eit omgrep opphaveleg utvikla for å skildre humor som vitsar om grupper som er annleis enn oss, men som også har blitt nytta om humor der minoritetskomikarar vitsar om minoriteten dei tilhøyrer. Svart Humor verkar på ein merkeleg måte å tilhøyre båe desse typene humor – og det er det som gjer serien så interessant, noko eg skal kome tilbake til.

Svart Humor, Yousef Hadaoui. Foto: NRK Svart Humor, Yousef Hadaoui. Foto: NRK

 

Sosialpsykologen Michael Billig hevder vi lev i ein humorpositivistisk kultur, ein kultur der humor blir sett livsforbetrande, med kraft til å forandre og som ein ibuande positiv verdi. Billig hevder samstundes at det motsette er tilfelle: kjernen i all humor er latterleggjering. Vi ler av nokon vi føler oss betre enn, nokon som bryt ein uskriven regel på eit eller anna vis, både for å etablere oss sjølv som normen og for å disiplinere andre inn i falden igjen. Difor er også smerten av å bli ledd av sentral i all humor.

Slik eg har gjenfortalt Svart Humor ovanfor, høver Billig sin teori ganske godt til å diagnostisere programmet: Allmennkringkastaren NRK, like humorpositivistisk som ein kan forvente av ein slik breiddeinstitusjon, har velsigna latterleggjering av innvandrarar, ungdom og rusbrukarar i beste sendetid – grupper ein godt kan tenkje seg majoriteten har interessa av å disiplinere. Likevel er det noko som ikkje heilt stemmer i denne mini-analysa: Kvifor verkar Svart Humor likevel så snilt?

Svart Humor er utvilsamt «klassisk» etnisk humor der ein minoritet blir latterleggjort, men samstundes tilhøyrer det ein nyare sjanger der ein nordmann frå minoritetsbefolkinga sjølv er den som slår vitsen. Dette er viktig for programmet sin suksess, men minst like viktig er utføringa: Programleiar Yousef Hadaoui lager god stemning berre ved veremåten sin: Han smiler, klemmer folk, det verkar som om han er på deira lag sjølv om han lurer dei. Samstundes syner han fram ting me vanlegvis ikkje ser på fjernsyn, og han gjer det med ein merkeleg blanding av latter og respekt. Særskilt siste innslag i programserien, kebabnorsk-mashup, der ein rekkje kebabnorske uttrykk som har blitt sagt i løpet av programmet blir knytt saman til ein melodi, er ein beint fram poetisk og samstundes komisk feiring av mangfaldet på Grønland. Sist, men ikkje minst, bryt programmet med sitt eige script iblant: Plutseleg dukkar det opp ein innvandrar som veit at Galdhøpiggen er det høgaste fjellet i Noreg.

Desse elementa gjer at latterleggjeringa ikkje blir aggressiv lenger. Billig ville kanskje sagt at dette er ein subtil retorisk strategi slik at me likevel kan latterleggjere, og dermed vere aggressive, på ein skjult måte både me som personar og offentlegheita kan leve med. Eg trur snarare det er ein måte å avdramatisere, og beint fram feire, skilnad og mangfald på. Misforståingane vi ler av, er trass alt eit stykke vekk frå uoverstigelege juv mellom ulike kulturar.



Relatert

Japan ler – humor i japanske filmer

Z #2 2017: En kort innføring i trender og tradisjoner i japansk filmkomediehistorie. | kun utdrag

Komedie i svart/hvitt om et grått Norge

Z #4 1986: Fred Sassebo intervjuet av Jon Iversen | kun utdrag

To Be or Not to Be: Traumer, vold og screwballkomedie

Z #2 2017: Hva kan man le av? Den amerikanske Hollywood-komedien To Be or Not to Be – med handlingen lagt til et naziokkupert Polen - fikk hard medfart da den kom i 1942, men regnes nå som en satirisk komedieklassiker. | kun utdrag


Fra siste Z

En kortfilmkurators bekjennelser – intervju med Torunn Nyen

Hva har Rørosheimen, Anton Corbijn og Ruben Östlund til felles? De er alle en del av festivalveteran Torunn Nyens beste minner fra Kortfilmfestivalen. Nyen har vært tilknyttet festivalen nesten helt siden begynnelsen. I anledning årets 40 års-jubileum har vi spurt henne ut om festivalens historie, dens nåværende rolle og framtida.

Festivalfjes 2017

Hva kommer man til å huske fra årets Kortfilmfestival, og hva håper man på for framtiden? Og hva er egentlig den aller beste norske kortfilmen som fins? Vi har spurt ut noen av dem som gjorde seg bemerket i Grimstad i år. | kun utdrag

Norsk kort 2017

I sitt førtiende år har Kortfilmfestivalen hatt hele 53 norske kortfilmer på programmet. Hvilken bedre måte å feire på? Vi i Z-redaksjonen har gått løs på oppgaven med å anmelde hver og én av dem med stor entusiasme. | kun utdrag


Fra arkivet

Det gode, det tvilsomme og det direkte heslige – byarkitektur i filmens speil

Z #2 2012: Bjørn Sørenssen guider oss gjennom storbyarkitekturens filmatiske utopier og dystopier, drømmer og realiteter. | kun utdrag

Å sjå filmen i si samtid

Z #2 2016: For meg er film i første rekkje meiningsutsegner om verda – anten utsegnene er intenderte eller ikkje. | kun utdrag

Kine Aune, Regissør eller ikke regissør?

Z #4 1993: Det er spørsmålet! Kine Aune kaller seg animasjonsfilmregissør, men overlater tegning og [...] | kun utdrag