– Eg sat på ein cafe på Solli plass, då ein kompis av ein kompis kom bort til meg. Han hadde fått i seg nokre glas, og ville prate. Han ville vite om eg var polakk. Eg er jo fødd der, og har mykje familie der, så eg sa at det var eg nok. «Nei, men du er jo ikkje polakk. Du er jo ikkje dritt!»


