Jost om Jost

Dei seinare åra har folk atter fått augene opp for at det blir laga film, og god film, i USA – utanfor Hollywood sitt domene. Filmane til Hal Hartley, som Trust og Simple Men, har ikkje minst vore med på å skapa denne interessen. Men frå suksess til totalt å underkasta seg dei kommersielle lovene er det kort veg i filmbransjen, kanskje serleg i USA. Difor er det godt av og til å treffa ein filmskapar som har gått heilt andre vegar, slik som Jon Jost som NFK hadde invitert til filmskulen på Hamar i haust.