Krev dokumentarfilm og spelefilm ulike filmkritiske tilnærmingar? Tja, kanskje held det at kritikarar er like opptatt av sjanger, verkemiddel og retorikk i dokumentar som i spelefilm.
Då den svenske filmskaparen Stefan Jarl vart spurt om skilnaden på å arbeida med dokumentar- og fiksjonsfilm, svarte han at «det är samma skit allt i hop!» Som filmkritikar kan ein skriva under på at dokumentar og fiksjon er like krevjande å arbeida med, men det er skilnadane dei to tradisjonane i mellom og dei ulike sjåarforventingane til filmtypane, som skapar hovudbry for oss som skal skildra, vurdera og tolka film for publikum.
Kløyvinga av filmhistoria i «fiction» og «nonfiction» har gjeve samfunnsmessig relevans, prestisje og makt til det vi i dag helst kallar dokumentar, men nemningar som nonfiction og «direct cinema» har òg gjeve næring til seigliva vrangførestillingar om at dokumentaren kan gje oss direkte, «uformidla», tilgang til verda. Kanskje er det restar av den tankegangen ein enno finn i filmkritikken når innhald blir meir vektlagt enn form i dokumentarfilmkritikk – jamført med spelefilmkritikk?


