Den augneblinken som ikkje er kvar dag – ei samtale med Arild Østin Omundsen

Vegar Hoel står ved eit flipperspel. Det er eit mørkt og røykfylt lokale. Han misser kula, og tapar spelet. Lommene er tomme for tikroningar. Men blant kronestykk og femtiøringar ligg ein giftering. Flipperspelet takkar og Vegar er i gang igjen.