Kinoversjonen av Blod og ære, filmen om opp- og nedturen til Ole Klemetsen si boksekarriere, fekk stor merksemd i Grimstad. den vart ein snakkis. Det vart snakka så mykje at OK raskt ville ha den opp på kino. Og no kjem Stavanger, Sandnes, Bergen og Trondheim etter. Ikkje verst for ein film som eigentleg er ein 58 minuttar lang tv-dokumentar. Og som eigentleg ikkje handlar om boksing.

