Del 1: Før premieren

hovedbildeMe møter  filmarbeidarar og spør dei om korleis overgangen frå analog til digital filmproduksjon har vore. I eit utdrag seier Øyvind Sandberg: – Det handlar om å ha ambisjonar om å lage fine bilete.

Det tek meg berre ein halv time å køyre frå Bergen til den vesle øya til Øyvind Sandberg. Eg køyrer ut av sentrum, gjennom Åsane, kryssar over til Meland, ut langs fjorden, svingar av ved eit skilt, ned ein bratt grusbakke og eg er kome til ei anna verd. Sandberg kan takke slektsledd føre seg for at han no har plass til både det eine og det andre prosjektet. Ulike småhus ligg spreidd rundt om, alt frå gjestehus til hønsehus. Nede ved sjøen ligg båten hans bak ein ikkje altfor imponerande molo. Den har han bygd sjølv. Han fekk lastebilane til å køyre om bord på ei ferje, som skyssa dei hit, steinane var tippa på tilvist plass. Men fjorden var djupare enn det Sandberg hadde sett for seg, og moloen vart difor ikkje så lang som den
burde.

– Ingeniør er eg ikkje, seier Sandberg.

Her bur han med kona og enn så lenge med sonen. Her var basen då han klekte ut ideen til filmen Folk ved fjorden (2012), som han i år fekk Amanda-pris for. Det er den siste i ei lang rekkje med dokumentarfilmar frå Sandberg si hand, mellom dei Kabal i hjerter (2006) og Å seile sin egen sjø (2002).

Me har tusla inn og Sandberg har gitt meg the grand tour i huset. I eit rom står eit par datamaskiner, sonen held på med DVD-utgåva av Folk ved fjorden. I eit anna rom står eit Steinbeck klyppebordet under plast. Brått stikk sonen hovudet og spør om noko. På den slitne t-skjorta hans står det «Film er best på film». Sandberg insisterer på at det er heilt tilfeldig.

– I Bergen har Folk ved fjorden no gått kontinuerlig i snart eit år, og det er visst rekord for ein film ved Bergen Kino. Av og til blir eg beden om å kome inn og seie nokre ord før filmen, og det er jo fantastisk å kunne sjå filmen i ein slik kvalitet. Det er jo ikkje ei ripe i den. Hadde det vore ein vanleg 35 mm-kopi som hadde blitt køyrd ein 6-700 gonger, så hadde den jo ikkje sett ut. Og det same med lyden. Så tidlegare ville eg nok ha insistert på at film er best, men det kan eg ikkje seie lenger, seier Sandberg.

Folk ved fjorden er eit portrett av menneske som livnærer seg på gamle arbeidsmåtar og livskunnskap. På same måte som han sjølv.

– Eg heldt fast på film veldig lenge. Kabal i hjerter (2006) var den fyrste filmen eg filma digitalt. Alt før var filma på 16 mm eller super16. Det er eg kjempeglad for.

– Kvifor det?

– Det er fyrst no i det siste at det digitale formatet har blitt gode nok. Folk ved fjorden er skoten digitalt, og det var fyrste gongen på lenge eg fekk igjen den gode filmkjensla. Det var kjekt å vera filmfotograf igjen. Men dei filmane i mellom der, som vart filma på DV, det var syrgjelege greier.

Samstundes var t.d. Kabal i hjerter ikkje så avhengig av å ha gode bilete. Det var situasjonane som gjorde filmen. Men å filme Folk ved fjorden med eit DV-kamera hadde vore ein skandale. Så eg tykkjer det er veldig hyggjeleg at dei tidlegare filmane mine er på film. No har eg vore i København for å overføre dei til eit digitalt format, sidan det er veldig få kinoar som kan syne 16 mm- eller 35 mm-filmar. Sidan eg filma dei på film i utgangspunktet, så får jo desse digitale kopiane ein kjempefin kvalitet. Å seile sin egen sjø blir veldig fin, og det hadde den ikkje vore om den hadde blitt filma i eit eller anna dårleg videoformat.

– Så du er glad for at du venta med å gå over til digitalt?

– Definitivt. Det er kjekt å ha materialet liggande på film. Foreldra mine laga mykje film, og far min laga m.a. ein serie dokumentarfilmar frå Bergen som han kalla «Streiftog i Bergen».
Den fyrste kom i 1960, og i 2010 var det 50-årsjubileum. På ei markering på BIFF (Bergen Internasjonale Filmfestival) synte me den same 35 mm-kopien som hadde blitt synt på Bergen Kino femti år tidlegare. Og kvaliteten var fantastisk. Slikt er sjølvsagt kjekt, og det er interessant at formatet har halde seg så lenge, og at kvaliteten framleis er så høg.

– Samstundes må eit lite digitalt kamera vera enklare å arbeide med for deg som
dokumentarfilmskapar?

– Valet med å gjere Kabal i hjerter på DV var økonomisk. Eg fekk ikkje pengar til å lage den på film. Men akkurat der vart det ganske bra. Eg måtte vera til stades i situasjonane, og det vart enklare med eit mindre kamera som alltid var tilgjengeleg. Og ikkje minst vart lydopptak mykje enklare, då alt gjekk rett inn i kameraet. Eg var jo van med å ha ein eigen opptakar for lyd, men no slapp eg å styre med det.

– Du sa at gleda av å vera filmfotograf kom attende med Folk ved fjorden.

– Det handlar om å ha ambisjonar om lage fine bilete. Då må utstyret og opptaksformatet vera godt. Då videoformatet og dei billege videokameraa kom, kom det også mange dokumentarfilmar som var frykteleg dårleg fotografert. Det virka som om filmskaparane trudde det vart betre dokumentarfilmar om dei virra rundt med kameraet, filma utan fokus og laga så mykje grautbilete som dei greidde. Og når eg var i Grimstad og såg meldingar av filmane, så var det ingen som sa noko om bileta. Det kunne eg ikkje forstå. Det er moglegvis 10-20 prosent av opptaka i ein dokumentarfilm som ein ikkje har kontroll på, episodar der ein berre må hive seg rundt. Difor er det ingen grunn til at ikkje resten av filmen skal vera i fokus, ha bra lys og vera nokolunde i vater. Det var nok ein gjeng glade amatørar som haldt på, som sjølvsagt også er bra. Det skal videokameraet ha, at den demokratiserte sjangeren. Men kvaliteten vart jo dårlegare, både teknisk og fagleg.

Men no trur eg den tida er over, og eg trur at dei som lagar dokumentarfilmar no, også er opptekne av at bileta skal ha ein kvalitet.

– Denne virringa kom vel også frå at ein kunne filme så mykje ein ville, og berre late kamera suse og gå. Og det merka kan hende du også då du gjekk over til digital film?

– Nja, eg trur eg er for strengt opplærd. Den fyrste dokumentarfilmen min var om selfangst. Eg trur det var rundt 1976, og då hadde eg med meg eit Bolex-sveiveapparat. Då kunne eg ta opp tre minutt om gongen. Når dei minutta var brukt, så måtte eg om bord i båten igjen, gå inn på toalettet der det var mørkt, lade kameraet, for så å gå ut att og filme meir. På den turen hadde eg med meg fjorten rullar. Det vil seie at eg både hadde knapt med tid kvar gong eg filma, og at eg hadde veldig avgrensa med film totalt, knapt tre kvarter til saman.

– Kor lenge var du ute?

– Det vart vel om lag to månader. Då eg såg den fyrste selen, så var det jo fantastisk og eg fekk lyst til å berre tømme kameraet. Men dagen etter dukka det opp tre selar og tre dagar seinare kan hende hundre selar. Så på den turen forstod eg kor viktig det var med research, og å vite kva ein skal filme. Eg burde jo ha vore på ein tur året før for å finne ut kva som var det interessante.

Men det viktigaste var at eg lærde å vera disiplinert på avtrekkaren. Det har eg nok framleis med meg. Det får eg ikkje minst glede av i klyppeprosessen. Eg snakka jo med klypparar som har fått levert over to hundre timar med opptak, og då skal ein jo sitje i åtte døger berre for å sjå igjennom det. Du må vite kva film du skal lage, kva det er du ser etter. Om du ikkje veit det på førehand, så finn du det heller ikkje ved å filme to hundre timar.

– Er du lei deg for at filmen forsvinn?

– I mange år meinte eg at film var best, men eg kan ikkje seie det lenger. Det er vemodig, av di eg sit på utruleg mykje kunnskap som ikkje kan nyttast lenger. Klyppebordet, framkalling, negativklypping, lyssetting og ulike filmtypar. Alt slikt. Men det skjer jo med mange yrkesgrupper. Akkurat rundt Kabal i hjerter kom eg veldig i tvil. Greitt nok at den skulle filmast digitalt, men skulle eg då overføre det digitale til noko eg kunne bruke på klyppebordet mitt? Det var så masse kav, at eg tenkte at det moglegvis var på tide å finne på noko anna å halde på med.

Men eg er glad for at heldt fram. Trikset var å sjå det nye utstyret som nye leiketøy, ting ein kan gjere andre ting med. Og eg ser jo at filmane mine har endra seg. Til dømes er det meir synkronisert lyd. Då eg tidlegare sprang rundt med ein DAT-spelar og kamera, var det verre å få til. No går det jo automatisk. Så folk snakkar meir i dei seinare filmane mine, enn det dei gjorde før. Og sjølvsagt det at ein berre kan late kameraet gå om det er situasjonar som krev det.



Relatert

Del 2: På kino

Z #4 2012: Marius Øfsti: - Kinoane hadde ikkje noko val | Sveinung Golimo: - Kinosjefane har fått større makt | Anne Marthe Nygaard: - Programmeringa held stort sett fram som før | Ann Karin Atterås: - På Voss har vi hatt ei auke i besøket på 79 prosent | Morten Skallerud: - Eg tykkjer at 3D er morosamt, men ein skal vera klår over dei svake sidene | Dag Johan Haugerud: - Me som lagar filmer meir opptatt av at alt skal vere rett enn dei som som syner film | kun utdrag

Del 3: Etter filmen

Z #4 2012: Sveinung Golimo: - Noko av det eldre materialet vårt er lagra på format som me knapt nok veit kva heiter | Jon Arild Olsen: - Nasjonalbiblioteket har ein strategi om å gå over til full digital bevaring | kun utdrag

Den digitale fremtiden – endelig løsning eller nye utfordringer for bevaring av filmarven?

Z #2 2006: [Lars Gaustad er direktør for Divisjon for mediebevaring, Nasjonalbiblioteket.] Hvordan kan vi [...]


Fra siste Z

Kvinner som ser

Andrea Arnolds filmer skaper nye rom for kvinners blikk - og for hvordan sex kan skildres på film. | kun utdrag

Maskulin heimstaddikting

Shane Meadows’ selvbiografiske Midlands-filmer.

Rulle med Rob og Steve

Fest sikkerhetsbeltet! I The Trip blandes humor, lokal mat, vennskap, litteratur, kunst og intertekstualitet sammen på de mest elegante og uventede måter. | kun utdrag


Fra arkivet

Trikoloren for nerder – Edgar Wrights Cornetto-trilogi

Z #4 2013: Er nerdefilmer lukkede univers, hvor det gjelder å ta de obskure referansene? Eller er det mulig å meske seg med referanser uten at filmene blir eksluderende? Edgar Wrights Cornetto-trilogi viser hva som skjer når nerder lager film. | kun utdrag

Med fortellingen som utgangspunkt

Z #1 1993: Filmregissørene Erik Gustavson og Oddvar Einarson har markert seg sterkt i løpet av de 10 årene [...] | kun utdrag

«Ja, vi elsker»: På vei mot et nytt filmspråk

Z #3 1983: Tidsskriftet «Filmavisa» tok gjennom sine 5 siste numre mål av seg til å lære norske [...] | kun utdrag