Få meg på for faen – Dialektfilm

Få meg på, for faen skal bli film. Og Sauda skal bli til Førde.

Ei filminnspeling kan vere eit kaos. Alt kan gå galt, og det kan vere alle slags moglege problem som må løysast. Vel, slik er det ikkje denne dagen. Innspelinga av Få meg på, for faen, filmatiseringa av boka til Olaug Nilssen, går tydelegvis etter planen. Noko produsent Brede Hovland syner på klårast mogleg måte, han står og fiskar etter makrell i fjorden. Fisk får han òg. Scena som skal spelast inn i dag, er møtet mellom Alma, som har fått seg arbeid som kassedame, og mora som handlar og helsar på.

Coop-butikken i Saudasjøen er ein typisk lokalbutikk, og eigaren såg seg ikkje tent med å stengje dei tre dagane det skal spelast inn film. Det er grunn til å tru at han angrar litt på det, for ei filminnspeling tek mykje plass. Inne er det folk over alt, lyd, ljos, kamera og assistentar som spring etter teip eller noko. Ein kunde freistar seg likevel på kjøpe seg nokre skulebollar.

– Oi, seier han. – Dette var valdsamt!, før han finn bollane og stiller seg i køen bak Henriette Steenstrup som spelar mora. Han får beskjed om å bruke ei anna kasse, og ein tilsett hjelper han.

– Stille! Klar til opptak! Skrik innspelingsleiaren. – Stans trafikken!

Det er ein enkel jobb. Med éin bil i halvtimen, er det ikkje akkurat tett trafikk forbi butikken. Henriette Steenstrup seier replikken sin, snur seg og går ut av butikken. Om og om igjen. Det blir ikkje mange minutt film, men det tek si tid.

Enklare utanfor Oslo
Eg håpar på å få eit ord med regissør Systad Jacobsen, men ho er travelt oppteken med å gjere klar den neste scena.  Produsent Hovland finn tid til endå nokre kast i fjorden. Han er samd i at det er perfekt å spele inn film på ein stad som Saudasjøen.   

– Me i (produksjonsselskapet) Motlys lagar nesten ikkje film i Oslo, sjølv om det er der me held til. Det er dyrt, ofte komplisert og det kan vere problematisk å få lov til å stengje gater som me stundom må gjere. Når ein kjem til ein mindre stad som dette, så er det ein heilt annan positivitet som møter oss. Det er lettare å få hjelp av folk, og det er lettare få lov, seier Hovland.

Han fortel at det er fleire grunnar til at dei hamna akkurat her. Dei fått økonomisk støtte frå Filmkraft Rogaland, som er eit regionalt filmfond. Filmkraft Rogaland har eit ynske om å trekkje med innlandet i arbeidet sitt, og særleg rike Suldal kommune, som er inngangsporten til Sauda. Og Brede har sjølv sprunge rundt i Sauda i barndomen, då han har slekt her. Så han ringte til eit søskenbarn for å sjekke om han hadde tru på ei filminnspeling i området. Søskenbarnet meinte det var ein knakandes god idé, og fann fram til alle dei innspelingsplassane dei trong.  
 Og dei måtte vere ein stad som kunne fungere som Førde.

foto: Kjartan Helleve

Språket viktig
– Regissør Jannicke Systad Jacobsen har vore oppteken av å halde på så mykje som råd er frå Olaug si bok, så langt det let seg gjere.
 
Inkludert språk?

– Ja, særleg det. Difor har me brukt mykje tid og ressursar på å finne fram til skodespelarar som har rett dialekt. Helene Bergsholm som speler Alma, kjem frå Førde, og me hadde aldri reist så langt utan at det var viktig for oss. Så ho og den næraste gjengen hennar snakkar Førde-dialekt. Andre karakterar skal nok i utgangspunktet vere frå same staden, men der er Førde meir definert som Vestlandet. Difor blir det nok eit mangfald av vestlandsdialektar, inkludert nokre mindre roller frå Sauda. Men akkurat der kjenner Jannicke på om det kan bli for mykje, så me får sjå kva som hender med dei i etterarbeidet.  Kan hende me må leggje på litt Førde-dialekt, seier Hovland.
 
Jølster er ikkje Førde
Nokon ropar på han, det er noko med ein pipelyd som dei ikkje heilt greier å lokalisere. Framleis ikkje nokon passande pause til å snakke med sjefen. Men Helene Bergsholm står og ventar på utsida av butikken. Det har det blitt mykje av. Venting og atter venting.

– Men det går greitt. Eg har alltid hatt lyst til å sjå korleis ei filminnspeling fungerer, og ein får vel knapt noko betre høve enn dette.

Ho har inga skodespelarerfaring frå før, hadde ikkje høyrt om korkje boka eller forfattaren, men stilte opp til ein audition på skulen. Etter det vart det fleire prøver og testfilmingar før ho endeleg fekk rolla.

– Eg var veldig nervøs dei fyrste dagane. Eg likar i utgangspunktet ikkje å stå framføre folk og var redd for at eg ikkje skulle få det til. Etter kvart har det gått mykje enklare, og folk er snille med meg. Så eg skal nok kome meg gjennom det.

Er det kjekt at alle snakkar Førde-dialekt? 

– Vel, alle gjer vel eit forsøk. Ho som speler veninna mi i filmen er jo frå Jølster. Eg høyrer klår forskjell, men er ikkje sikkert om alle dei andre gjer det. Men eg tykkjer dei andre skodespelarane er veldig flinke. Dei har fått replikkane sine innspelt på band av ei dame på universitetet i Oslo, og øvd seg etter det. Men dei er òg flinke til å spørje meg om det er noko dei lurer på korleis blir sagt.

Men språk endrar jo seg. Eg snakkar jo  annleis enn kva eldre folk heime gjer, og slik er det jo. Ord som snik seg inn her og der. Så eg har vel ikkje akkurat nokon fasit.
 
Blir det meir film etter dette?

– No skal eg filme kvar einaste dag i sommar, og så er det rett attende til skulen. Eg har jo aldri hadde ambisjonar om å bli skodespelar, men me får sjå.

Berre delar av boka
Så er det klart for opptak igjen. Framleis ingen Systad Jacobsen å snakke med. Eg fortel produsent Hovland om at Helene ikkje hadde høyrt om Olaug Nilssen før ho gjekk på audition.

– Det går bra. Dette er ein ungdomsfilm som skal stå på eigne bein, og den viktigaste målgruppa er dei er mellom 14 og 23 år. Men så er det dei som er litt eldre som moglegvis har høyrt om boka eller teaterstykket, som me òg håpar skal kunne like filmen. No er ikkje heile boka med, men berre den delen som handlar om Alma, men folk som har lese boka vil nok kjenne seg att.
 
Kva seier forfattaren til det?

– Det er heilt i orden for henne. Ho har ikkje vore med på manusarbeidet, men har fått lese i gjennom det. Ho var glad for at me hadde teke ut dei mest litterære delane. Det som er så herleg med denne historia og som motiverer oss, er at det ikkje ligg noko tragisk i botnen. Mange barne- og ungdomsfilmar som blir laga i Noreg, har ei eller anna tragisk hending i botnen, eit dødsfall, incest eller barneheim eller noko. Det er denne filmen fri for. Dette er meir reelle problemstillingar som vanlege unge jenter slit med, fortald på ein absurd og humoristisk måte. Og me håpar å kunne greie å overføre stemninga i boka til filmen.
 
Smarte jenter, bitande replikkar
Henriette Steenstrup kjem ut frå butikken og er ferdig for dagen. No må dei vere ferdige, no må eg då få snakke med regissøren snart. Men nei, det er fleire opptak att og ingen pause i sikte. Steenstrup skal bli køyrd til flyplassen i Haugesund og eg ser eit høve til å få gratis skyss. Norwegian stadfestar at eg kan få plass på flyet, og eg takka ja til tilbodet om å sitje på. Systad Jacobsen får vente.

– Det er fyrste gong sidan teaterhøgskulen eg må bruke ein særskild dialekt, fortel Steenstrup medan me blir køyrde utover Saudafjorden.

– Men det går bra, tykkjer eg. Det er som filter som hindrar deg i å bruke dine eigne seiemåtar, og slik er det jo alltid. Men det var godt å få å øve seg litt med dei banda, og det er godt å ha nokon frå Førde som ein kan søkje hjelp frå.
 
Blir det ein bra film då?

– Eg trur han blir veldig bra. Han minner om Fucking Åmål, med same bitande replikkar frå smarte jenter. Når jentene set i gang, så er det akkurat som å høyre tre jenter som skal på fest. Eg gler meg veldig til å sjå han ferdig.

Kjartan Helleve

kjartan.helleve@nm.no

Fakta
Filmen Få meg på, for faen er basert på Olaug Nilssen si bok frå 2005.

Filmen blir regissert av Jannicke Systad Jacobsen. Ho har tidlegare laga fleire dokumentarfilmar, dette er hennar debut som langfilmregissør.

Filmen blir produsert av Motlys, som mellom anna har filmsuksessar som Mannen som elsket Yngve og Gymnaslærer Pedersen.

Filmen har premiere i 2011.



Ingen kommentarer

Din kommentar


Relatert

Ingen relaterte saker.


Fra siste Z

En kortfilmkurators bekjennelser – intervju med Torunn Nyen

Hva har Rørosheimen, Anton Corbijn og Ruben Östlund til felles? De er alle en del av festivalveteran Torunn Nyens beste minner fra Kortfilmfestivalen. Nyen har vært tilknyttet festivalen nesten helt siden begynnelsen. I anledning årets 40 års-jubileum har vi spurt henne ut om festivalens historie, dens nåværende rolle og framtida.

Festivalfjes 2017

Hva kommer man til å huske fra årets Kortfilmfestival, og hva håper man på for framtiden? Og hva er egentlig den aller beste norske kortfilmen som fins? Vi har spurt ut noen av dem som gjorde seg bemerket i Grimstad i år. | kun utdrag

Norsk kort 2017

I sitt førtiende år har Kortfilmfestivalen hatt hele 53 norske kortfilmer på programmet. Hvilken bedre måte å feire på? Vi i Z-redaksjonen har gått løs på oppgaven med å anmelde hver og én av dem med stor entusiasme. | kun utdrag


Fra arkivet

Film – best på tv? Det amerikanske tv-dramaet fra All in the Family til The Wire

Z #1 2007:
En av de mest dramatiske endringene i moderne populærkultur det siste tiåret er at den amerikanske kinofilmen så til de grader har tapt terreng som populær underholdning, at film i dag er best på tv. En konsekvens av denne utviklingen er at en rekke utdaterte «sannheter» om fjernsynet som medium må forkastes. Fremst i denne rekken er forestillingen om at amerikanske fjernsynsserier er samlebåndsprodukter av lav kvalitet.

Å temme en homo – om fremstillingen av homofile menn i mainstreamfilm

Z #4 2008: av Dag Johan Haugerud
Mens man tidligere bare så homser og lesber i filmer som handlet om homofili, inngår de nå som en naturlig del av det hollywoodske heterosamfunnet. Siden filmen står i et gjensidig avhengighetsforhold til markedet, har også markedets krav om forenkling rammet filmen. Spørsmålet er hvordan denne forenklingen har rammet den homofile mannen? Hvordan ser han ut i en redefinert, hetero-tilpasset utgave. Og hva er årsaken til at han har blitt som han har blitt?

Festivaldokument – Norsk dokumentarfilm i Grimstad

Z #3 1993: Et tjuetalls filmer i det norske programmet ved årets kortfilmfestival hadde merkelappen [...] | kun utdrag