The Dub. Intervju med Jan Gunnar Røise

– Det fine med dubbing er kjensla av å ha gjort ein god dags arbeid. Ein går i studio, gjer jobben og går heim.

Få, om nokon, har dubba så mykje animasjonfilm dei siste åra som Jan Gunnar Røise. Madagaskar, Ratatouille, Narnia, Istid og kva ikkje. Men dette er berre dei profilerte filmane. For oss som har ungar, dukkar stemma hans opp kva laurdagsmorgon som helst. No er han snart å høyre i den nye Disney-filmen Bolt.

– Sjølv om det for det meste er morosamt arbeid, så er det samstundes mykje drit ein må gjere, fortel Røise.

– Robotar som sloss t.d., er ikkje det mest spanande. Fallestønn frå ein robot er ikkje så veldig stor utfordring. Men me prøver jo å vri det til ei utfordring, gjere sport ut av det. Nokre gonger prøver me å dubbe så fort og så mykje som mogleg utan å måtte stoppe for å ta det på nytt. Då blir det jo til at ein får fallestønn som byrjar med «Åh neiiiii …» heilt til eg ser at karakteren smiler og eg må vri det til «… neiijjaaaa!»

Røise byrja med dubbing etter at han gjekk ut av teaterskulen i 2000. Det var ein slektning av ei i klassen som gjerne ville prøve han.

– Eg fekk noko opplæring, men det var i grunnen berre å prøve seg fram. Etterkvart har det jo gått mykje lettare, og no er det meir ei utfordring å halde motivasjonen oppe. Ein kan fort gå lei, men eg prøver å gjere det litt annleis kvar gong. Det er viktig å ha det moro, særleg når ein arbeider med barnefilmar, fortel Røise.

Så kva ligg utfordringa i?

– Det fine med dubbing er kjensla av å ha gjort ein god dags arbeid. Ein går i studio, gjer jobben og går heim. Teaterskodespel må ein leggje meir i, det blir meir ånd. Så det er eit fint vekselbruk, seier Røise.

– Dessutan er dubbing ei meir teknisk utfordring enn vanleg skodespel. Presisjon er jo veldig viktig. Både når det gjeld pust og stemme, og det å halde seg til tidskodar, mikrofonbruk og til den utanlandske røysta på øyra. Eg har jobba mykje med Harald Mæle i studioet hans, og i tillegg til det tekniske, er det han sjølv som set om teksten til norsk. Han er utruleg flink til å finne fram til norske ord og lydar som passar godt med dei engelske lydane. Difor blir det enklare for oss å få det til å sjå naturleg ut, eller god leppesynk som det heiter.

Er dubbing av filmar populære oppdrag for skodespelarar?

– Å dubbe spelefilmar har høg status, sjølv om det ikkje er dei best betalte jobbane ein kan ha. No er jo eg i ein posisjon der eg ikkje treng å gjere det, det er nok å gjere andre stader. Med det er nyttig for meg som skodespelar. Dubbing gjev meg teknikktrening og gjer meg medviten på språk og timing.  Dessutan får ein ei kjensle for dramatiske strukturar, sidan eg ofte kan dubbe 5-6 episodar om gongen. Ein får det inn i ryggmargen.

Samstundes får ein innsikt i korleis ein arbeider med språk og replikkar i andre land. Det blir som ein studie i arbeidsteknikk når ein dubbar t.d. Narnia. Det er mykje større fokus på tekst i England enn kva det er her i Noreg. Det gjer at ein ladar replikkar med ulik stemningar. Det er gjerne ikkje berre eitt uttrykk ein vil ha fram, men to eller tre. Dessutan er ein friare i eit studio. Ein kan fokusere på ein annan måte enn i teatret der ein ikkje har høve til å stoppe for å ta ting opp. Der er det ingen som ser oss, så me blir friare og vågar kan hende å prøve oss fram på ein annan måte.

I den norske versjonen seier jo Shrek at han er «Ridderen over alle riddere» som berre fungerer for dei som har fått med seg at det er Asgeir Borgemoen  som har stemma. Er det store rom for slike sprell?

– Me hentar jo mykje frå den engelske versjonen, og legg mykje arbeid i å få det så likt som mogleg. Av og til kan det vera friare, og då kan me leike litt. Men det ligg jo ein original der, og nokre lepper som rører seg, så det er ikkje store rom for sprell. Dubbinga på dei store Disney-filmane må jo innom eit studio i London eller i Danmark, og då kan det hende at slike ting forsvinn. Men det er klart at ein og annan internvits alltid greier seg gjennom den prosessen.

Eg brukte t.d. min eigen son på berre elleve månader i Madagaskar 2. Me sjekka med DreamWorks, og det er ikkje umogleg at han er den yngste i verda som har dubba ein film for dei. Han skulle berre seie pappa og eg måtte trene med han i tre dagar for å få han til å seie det. Så rigga eg meg opp på badet og fekk dratt det ut av han.

I løpet av dei åra han har halde på med dubbing har det vore store endringar. Dei norske distributørane har teke etter dei amerikanske og bruker alltid ein kjendis eller to på lydsida, slik at desse kan brukast i marknadsføringsarbeidet.

– Det er tydeleg at studio i USA legg mykje tid og energi i stemmesida på dei store filmane. Me står jo på ein måte på skuldrene deira, og ein blir jo imponert av kor bra det er. Dei speler jo ofte inn stemmene fyrst med eit rom for improvisasjon, før dei så animerer filmen ferdig. Difor må den dubbinga me gjer bli godkjend av produksjonsselskapet, seier Røise.

– Men det som har forandra seg mest er den tekniske sida. Då eg byrja, brukte me framleis videoband og då vart det mykje spoling. Det vart nesten slik at ein venta meir på spoling enn kva ein fekk gjort av dubbing. No er alt dette mykje enklare sidan ein berre arbeider med digitale filer. Denne utviklinga har gjort at me kan byrje dubbearbeidet mykje tidlegare, faktisk så tidleg at filmen ikkje har fått sin endeleg form. No kan ein få endringar heilt opp til premieren, som gjer at me må gå i studio og gjere om på ting.



Relatert

Intervju med Jonas Odell

Z #1 2009: Gullbjørnen, Gullbaggen, Goldfrapp og Franz Ferdinand. Selskapet hans FilmTecknarna planlegger å [...] | kun utdrag

Metropia – Kan du ringje igjen om 30 minutt? Eg sit akkurat i klyppen. Intervju med Tarik Saleh

Z #1 2009: Tarik Saleh er i innspurten av sin tredje film, Metropia, men han er i rute.

Å rette opp ei ære – intervju med Håvard Bustnes

Z #3 2008: Kinoversjonen av Blod og ære, filmen om opp- og nedturen til Ole Klemetsen si boksekarriere, fekk [...] | kun utdrag


Fra siste Z

Videovold, virkelighet og The Sultan of Splatter

For effektmesteren Tom Savini handler realisme om mer enn en overfladisk likhet med virkeligheten. | kun utdrag

Blockbusteravantgarden

Om digitale effekter i Transformers: Age of Extinction. | kun utdrag

En løsere form for indeksikalitet

– Rachel, Benjamin Button og Botox | kun utdrag


Fra arkivet

Prisvinnerne på Kortfilmfestivalen i Grimstad 2003

Z #3 2003: | kun utdrag

Koloss: surrealistisk – eller bare surr?

Z #4 1993: En ny rekord i elendig filmskaping er satt, hevder mange – og Norge er med der det skjer. Nok [...] | kun utdrag

«Ja, vi elsker»: På vei mot et nytt filmspråk

Z #3 1983: Tidsskriftet «Filmavisa» tok gjennom sine 5 siste numre mål av seg til å lære norske [...] | kun utdrag