Metropia – Kan du ringje igjen om 30 minutt? Eg sit akkurat i klyppen. Intervju med Tarik Saleh

Tarik Saleh er i innspurten av sin tredje film, Metropia, men han er i rute. Han har seks veker til med lydarbeid og finpuss, men skal greie å nå påmeldingsfristen til filmfestivalen i Cannes. Skulle den ikkje kome med der, så blir det premiere på ein annan festival på vårparten. Publikumspremieren blir fyrst til hausten.

Metropia er ein skandinavisk samproduksjon, med ATMO som hovudprodusent og Tordenfilm som norsk co-produsent. Det er ein animasjonsfilm for vaksne, og hovudpersonane er menneske.  Juliette Lewis og Vincent Gallo har stemmene til hovudkarakterane. Filmen er ein film noir som utspeler seg i 2024. Den stora krisa er over oss, det er mangel på ressursar og det offisielle samfunnet har kollapsa. Ein forretningsmann kjøper opp alle t-banesystema i Europa, koplar dei saman og lagar seg ein eigen stat under jorda.

Denne staten vil ikkje hovudpersonen ha noko med å gjere. Difor syklar han, som den einaste, fram og tilbake til jobb. Ein tur som tek to timar kvar veg. Alle venene og kjærasten tykkjer han er ein raring, men det bryr han seg ikkje om. Ein dag er det nokon som har vandalisert sykkelen hans. Det tvingar han ned i t-banen, og det byrjar å snurre i skalla hans. Tarik Saleh seier at den minner nok mest om filmar som Vertigo.

– Eg meiner jo i utgangspunktet at animasjonsfilm for vaksne ikkje fungerer, og eg får store problem med å forklare kvifor eg har laga ein slik film sjølv. Det ligg ein slags trass i det. Folk som har vurdert prosjektet, sa at eg måtte finne på noko som kunne legitimere animasjonen. Noko crazy, snakkande dyr eller noko. Men dette er den største utfordringa for alle som skal lage film. Det er folk som har pengar eller makt som fortel deg kva du burde gjere, men her gjeld det å stå imot. Ein må halde fast på integriteten. Så dette er meg og min visjon. Og eg kjenner meg ubroten.

Det er fort å tenkje på Slipp Jimmy fri.

– Eg har tatt meg sjølv i å tenkje at det er eg som har laga den. Den har mykje av det same mørke, animerte menneske og det er ein film for vaksne. Eg gledde meg veldig til den skulle kome, men eg tykkjer ikkje den fungerte så bra som den kunne. Eg forstår kva regissøren har prøvd å få til, men eg ser òg at han ikkje har lukkast heilt. Den er på ein måte der me har vore på eit tidlegare tidspunkt i produksjonen av Metropia, men som me har utvikla oss vidare frå. Slik er det vel. Eg tenkjer at eg har laga ein betre film enn Jimmy, og så er det nokon som ser Metropia og tenkjer at «det skal no eg greie å lage betre». Når det er sagt, så tykkjer eg at filmen er ein fantastisk prestasjon, og dei burde få fredsprisen berre for å ha klart å få den ferdig.

Saleh meiner at mykje av problemet med Jimmy ligg i at det nettopp er menneske ein har animert. Når til og med Pixar har problem med å få menneske til å sjå bra ut, så er det definitivt eit problem. Me veit ikkje korleis levande dyr og leikar rører seg. Menneskeleg kommunikasjon har me derimot ei velutvikla kjensle for.

– Celleanimasjon hadde ikkje dette problemet. Me trur og føler med Mowgli sjølv om han er eit menneske og faktisk oppfører seg som eit. Men i 3D-animasjon er auger berre kuler som rører seg. Ein kan ause på med skuggar og effektar, men det er likevel berre kuler som rører seg. For å kompensere for den manglande kommunikasjonen i auga, auser ein på med armar og hender som skal uttrykke det karakteren føler. Det blir ein jo lei av. Eg kjenner ingen som kommuniserer på den måten. Det er jo som ein har fått besøk av ein friteatertropp.

Kva har de gjort annleis?

– Me har lagt ned enormt med arbeid i augene. Me vil at menneska i filmen vår skal ha kjensler og at ein skal kunne sjå det i augene deira. Det er jo der sjela ligg. Eg føler no at me har fått det til, men resultatet er jo ei lang rekkje med kompromiss på resten av kroppen.

Metropia vil ha ein unik utsjånad. Saleh fortel at dei brukte to år på å finne ut korleis karakterane skulle sjå ut, agere og snakke. I byrjinga såg det mest ut som klassisk cut-out, men så fekk dei hjelp frå Noreg.

– Isak Gjertsen kom inn som animasjonsregissør, og saman med art-director Martin Hultman eksperimenterte me oss fram til ein stil. Den beste ideen vår var å lage ein 6 minuttars kortfilm. Eg laga den utan å ha nokon klår plan for korleis det skulle gjerast, og fekk betale for det. Eg gjorde ein masse feil som eg retta opp i langfilmen, sjølv om eg sikkert har gjort nye feil denne gongen. Dette er jo ein klassisk feil, og særleg med animasjonsfilm. Ein berre kastar seg ut i det, men det nyttar ikkje. Så før me byrja på Metropia var eg krystallklar på at alt skulle vera klart og at me hadde ein god animatic (Animatic = skisser som er sett saman til ein film for å få ei kjensle av rørsle og timing, ein slags levande storyboard. Red. anm.).

Saleh har skrive filmen saman med Stig Larsson og Fredrik Edin.  Og er glad for at det finst folk som har den same ideen om det mørke.

– Me hadde jo ein klår visjon. Det skulle vera tungt og film noir. Utfordringa har vore å få til det utan at det blir platt og ein parodi. Me måtte ha med folk som hadde dette mørke i seg, som visste kva me skulle. Og dette har Stig. På same måten har Fredrik vore utruleg bra på å kome opp med namn, som er så utruleg viktig i filmar som dette. Kva heiter firmaet og slikt. Og kva bryr menneska seg med i framtida? Kva gjer dei på?

Det skadar heller ikkje å ha med seg Juliette Lewis og Vincent Gallo på stemmesida?

– Det var fantastisk. For det fyrste er dei heilt ukjende med skuggesidene i livet. For det andre hadde dei aldri dubba filmar før. Dei gjekk inn i det som om det var vanleg skodespel, og det var akkurat det eg ville. Av økonomiske grunnar måtte me bruke nokre som hadde arbeidd som voice-artistar før, og det var eit slit. Dei har ein tendens til å dra på altfor mykje, gjerne 2-300 prosent. Då måtte me jo berre sitje og halde dei igjen.

Det høyrest ut som om dette har vore ein kamp.

– Animasjonsfilmen trekkjer jo til seg ein viss type folk. Dei har ein klår ide om kva animasjon er for noko og vil heile tida leggje inn vitsar og gags. Men det blir jo litt vanskeleg å lage film noir når folk snublar i bananskal. Men animasjonsfilmen er veldig god til å fange menneskeleg oppførsel og forstørre den. Den kan skildre kjensler som dei blir følt, og ikkje korleis dei ser ut. Til dømes det å ikkje få sove. Så visuelt er animasjonsfilmen veldig bra.

Men du har ikkje noko imot animasjonsfilmen som sjanger?

– I mine auger er animasjonsfilmen delt i to. Du har dei ekstremt kommersielle amerikanske filmane som ikkje sparer på noko med sine smell-karamell fargar. På den andre sida har du den ekstremt arty animasjonsfilmen, som ser fantastisk ut, men som ikkje vekkjer noko i meg og eg blir berre trøytt og lei av dei. Så eg har jo prøvd å finne ein veg mellom desse to typane. Det er jo filmar som Jimmy og den danske Princess som har vore inspirasjonskjelder og målstokk. Men no er det altså min tur.



Relatert

Intervju med Jonas Odell

Z #1 2009: Gullbjørnen, Gullbaggen, Goldfrapp og Franz Ferdinand. Selskapet hans FilmTecknarna planlegger å [...] | kun utdrag

The Dub. Intervju med Jan Gunnar Røise

Z #1 2009: - Det fine med dubbing er kjensla av å ha gjort ein god dags arbeid. Ein går i studio, gjer jobben og går heim. Få, om nokon, har dubba så mykje animasjonfilm dei siste åra som Jan Gunnar Røise.

Trollmennenes lærling. Intervju med Andreas Deja

Z #1 2009: Andreas Deja holder liv i magien i Disneys rike. | kun utdrag


Fra siste Z

En kortfilmkurators bekjennelser – intervju med Torunn Nyen

Hva har Rørosheimen, Anton Corbijn og Ruben Östlund til felles? De er alle en del av festivalveteran Torunn Nyens beste minner fra Kortfilmfestivalen. Nyen har vært tilknyttet festivalen nesten helt siden begynnelsen. I anledning årets 40 års-jubileum har vi spurt henne ut om festivalens historie, dens nåværende rolle og framtida.

Festivalfjes 2017

Hva kommer man til å huske fra årets Kortfilmfestival, og hva håper man på for framtiden? Og hva er egentlig den aller beste norske kortfilmen som fins? Vi har spurt ut noen av dem som gjorde seg bemerket i Grimstad i år. | kun utdrag

Norsk kort 2017

I sitt førtiende år har Kortfilmfestivalen hatt hele 53 norske kortfilmer på programmet. Hvilken bedre måte å feire på? Vi i Z-redaksjonen har gått løs på oppgaven med å anmelde hver og én av dem med stor entusiasme. | kun utdrag


Fra arkivet

Arthaus – film for kunstens skyld

Z #2 2002: Arthaus – stiftelsen for filmkunst er en uvanlige blomst i floraen av norske [...]

Fra sivilisasjonen til søppelhaugen – en kritikk av Lasse Glomms «Sweetwater»

Z #3 1988: Romanbearbeidelser har en naturlig plass i det norske filmlandskapet, og har stått for noen av den [...] | kun utdrag

Hitchcock klassikere

Z #3 1984: Hitchcock er en av de filmregissørene som har sin store og trofaste tilhengerskare. Disse får nå [...] | kun utdrag