Årets norske musikkvideoer anmeldt

MUSIKKVIDEO

ANIMAL ALPHA
Pin You All
DigiBeta | 3 min | 2008
Regi: Petter Jahre

Det er riktig at den rå energien i Animal Alphas musikk blir godt tatt vare på i musikkvideoen Pin You All. Den er ein leik med rockeklisjear, lenker, galskap og dobbeltgjengarmotiv. Mykje røyk og hekseri, eit lite karneval av bestialitet. Ein typisk imagebyggar av ein musikkvideo, fint og fargerikt fotografert, men nokon kortfilm med andre kvalitetar er det ikkje.
ØSL

ASSAD OG EMIR
Avor (Baosj-sangen)
DigiBeta | 5 min | 2007
Regi: Assad Arif.

Konfrontasjonen mellom artist og politi er eit ynda teksttema innanfor rapgenren. Eit godt døme i så måte er låta Avor. Her vekslar dei to vokalistane i bandet på å fortelje kvar sin versjon av kva som hende då dei fekk snuten på nakken seint ein kveld. På biletsida i videoen har regissør Assad Arif vald å leggje seg tett opp til historia. Bileta illustrerer rapteksten nesten ord for ord. No er det nok ikkje lett å gje gode bilete til ein songtekst som er så pass konkret og episk i forma, men løysinga med rett ut å illustrere teksten vitnar ikkje om stor originalitet eller dristighet. Med eit slikt utgangspunkt hjelper det lite med bruk av både rammehistorie og splitt-screeneffekt. Mogleg ønsker Arif å vektleggje redundans, altså overkommunikasjon. Slik forsikrar han seg om at vi ikke mister poenget i den lyriske perla av eit refreng:«Her er hvit og blå / Vi må passe på». Om videoen er allright handtverk, er det neppe stor kunst.
EV

BARE EGIL BAND
Politimester Egil
DV/DVCam | 3 min | 2007
Regi: Knut Petter Ryan.

Med norsk revytradisjon som bakteppe, spelar Egil Hegerberg i denne musikksketsjen både rolla som krakilsk politimann på fanatisk jakt etter hasj og den raddis-aktige bilføraren som blir stansa og som må svare på om han er brukar av substansen. Det å gje videoen ein 60-talslook er med på å setje sjåarane tilbake til ei tid då narkotika ikkje var så utbreidd her til lands og ein gjerne skar alle typar forbruk over ein kam. Slik blir videoen òg eit perspektiv på unyanserte haldningar i dagens narkotikadebatt. Ideen til videoen er kanskje noko enkel, men likevel effektiv og konsis, der humoren som ligg i songen vert utbrodert på ein fin måte.
EV

BLIND ARCHERY CLUB
Off the deep end
DV/DVCam | 4 min | 2007
Regi: Kristoffer Borgli

Fem unge menn blir fanga inn av rammer plassert på staffeli i parken dei vandrer gjennom, og dei blir omgjort til maleri og forflytta inn i stova/øvingslokalet. Musikkvideoen er sagt å vere ein hyllest til surrealisten René Magritte, og som sådan er den vellykka, med eit vell av innrammingar og stadige iscenesettingar av bandmedlemene med hattar på. Den gir eit visst stadleg ubehag, utan at den pretenderer å vere overambisiøs. Eit fint glidande kamera, flott fotografering og animasjon gjer musikkvideoen sjåbar.
ØSL

CORTINA
In the rain
DigiBeta | 3 min | 2007
Regi: Sara Eliassen

Utgangspunktet for videoen til songen «In the rain» er truleg den siste linja av refrenget, nemleg «Just walk». Gjennom store delar av videoen ser vi nokon som går på ein øde landeveg. Til tider er det bandmedlema som traskar avgårde medan dei spelar på instrumenta sine. I andre scener er det eit følgje beståande av gjøglerar, einegga tvillingar og liknande «outsiderar» som går der. Det underlege og ukonvensjonelle ved opptoget vert understreka gjennom bruk av jump-cuts. Den hakkete klypperytme i lag med dei vakre tablåaktige bileta er med på å lage ein draumeaktig-følelse.
Musikken har eit stort innslag med akustiske instrument, og særleg er bruken trekkspel med på å konnotere eit litt melankolsk på-loffen-uttrykk. Videoen bygger opp om eit image av bandet som dei fattige outsiderkunstnarane som ikkje gjev opp, men som heile tida er villege til å gå vidare. Her må ein berre ønske dei: «Lukke til på ferda».
EV

DOBBELMONO
Someday
DigiBeta | 3 min | 2007
Regi: Thomas Lunde og Andreas Øyvåg

Ein særs vellaga og vakker musikkvideo til Dobbelmono. Scenografien og handlinga er lagt til ein campingplass som er filma som eit prospektkort frå syttitalet. Nydelege panoreringar mellom ulike hendingar som gjev ei kjensle av kontinuitet i tagninga. Postkortstilen i videoen opnar opp for å bruke eit breidt spekter av obskure karakterar og hendingar i videoen, samstundes som artistane vert fletta inn som ein integrert familiedel på dette korte glimtet frå ein forsvunnen ferietid. Fargerik, vakker, stilsikker og i god kombinasjon med musikken.
SIÅ

HEROES & ZEROES
A Strange Constellation
DigiBeta | 4 min | 2007
Regi: Kaveh Tehrani

Ein svart/kvitt nostalgitripp tilbake til det kjedelege ungdomslivet i 80-tallets bygde-Noreg, der hærverk, dataspel og kombisykkel-sykling fekk tida til å gå. Klippa er ramma inn av knuste glasbrot hengt opp i eit tre, glinsande i nattemørket, samt klipp frå øvingslokalet. Sårleiken og melankolien i vokal og gitar matcher perfekt med bileta som glir over skjermen. Fengslande, fascinerande og svært stemningsskapande.
ØSL

HERRELØSE
Rundt og rundt
DigiBeta | 3 min | 2008
Regi: Emilia Danilovic.

Eit sentralt poeng med det å lage musikvideo er å skape merksemd omkring låten. Det oppsiktsvekkande med videoen til låta «Rundt og rundt» er eit lite teknisk og sceneografisk mesterstykke. I videoen vert vi presentert for små kvardagslege scenar frå gatelivet i Oslo. Fleire av episodane er slike ein gjerne forbind med rap-kulturen (tagging, butikknaskin). Skildringa av ulovligheitane underbyggjer «street-creden» til bandet. Vidare startar og sluttar videoen på den same staden. Den sirkulære strukturen er med på poengtere tittelen på låta – «Rundt og rundt». Det spesielle med videoen er derimot at den består av berre eitt opptak.
Teksten til raplåta vert framført av ulike bandmedlem. Skifte av vokalist følgjer overgangen til ein ny gatescene. I det vi blir introdusert for den nye filmscena, stig den nye vokalisten fram frå handlinga i det han tek til med å rappe. På denne måten skiftar videoen forteljarstemme synkront med skifte av vokalist på lydsporet. Timinga vitnar om eit grundig plannleggingsarbeid i forkant. Sjølv om gjennomføring er imponerande, er ikkje ideen heilt ny. Truleg har regissør Emilia Danilovic latt seg inspirere av mesterverk som Touch of Evil og Time Code. Ikkje nokon dårlege inspirasjonskjelder for ein ung regissør.

Rundt og rundt fikk prisen for beste musikkvideo på kortfilmfestivalen

EV

JENS CARELIUS
Summer Skin
DV/DVCam | 3 min | 2008
Regi: Daniel Howlid

Ein enkel og grei musikkvideo som har fokuset på artisten. Gjennom manipulering av biletet og 8mm effekt vert det skapt eit rufsete litt «etchy» bilde som står seg godt til musikken til Carelius. Fokuset ligg heile tida på artisten som framfører sangen og videoen fungerer gjennom animoasjonar og biletbruk som illustrasjonar til teksten. Heilt ok og grei video.
SIÅ

KENNETH ISHAK
Don´t touch my brother
DV/DVCam | 4 min | 2007
Regi: Kristoffer Borgli

Ein fascinerande stillbiletevideo i svart/kvitt. Filmen er satt saman av ei mengde ark haldt opp foran kamera og avfotografert. Det er vanskeleg å sjå kva som er rein film og kva som stillbilete, illusjonen blir uklar. Alle fotografia og filmklippa av Kenneth Ishak blir som ei forsterking av det forgagne og står godt til musikken. Fengslande.
ØSL

LENGSEL
The pale people
DigiBeta | 4 min | 2007
Regi: Fred Arne Wergeland

Ein slags lavbudsjettsversjon av ein Marilyn Manson video frå nittitalet. Gjennom raske klypp følg me delar av bandet gjennom mørke, tronge og bunkersliknande rom okkupert av eit obskurt persongalleri. Fokuset vert halde på vokalisten og andletet til vokalisten både i skogen og i bunkeren. Bileta freistar å gjengi stemninga i musikken gjennom å bruke fortetta, innestengte, fengselsaktige rom som gjev botn i den tunge og dystre musikken. Tradisjonell i bruk av element og oppbygging av ei stemning og som sagt før liknar dette veldig på musikkvideoproduksjon på slutten av nittitalet, men det fungerer tidvis i høve musikken og bandet
SIÅ

LUKESTAR
White Shade
DV/DVCam | 3 min | 2007
Regi: Jørgen Johansen og Mads Hornsletten

Lydverket-yndlingane Lukestar blir tatt med ut i skogen og marknadsført i sin særeigne «traust-og-norsk-er-kult»-image. Vokalisten i Lukestar er av dei første i musikk-Noreg som følgjer opp superskurkane Arfan Bhatti og David Toska og tek lusekufta inn som outsiderikon og kultplagg. Naturleg nok er det difor at me blir kjent med bandet langt inne i granskauen der dei trakkar rundt med tursekk og musikkinstrument. Kva gjer dei så på i skogen? For det første riggar dei seg opp og speler musikken sin. Men me får også nærbilete av hattsoppar, bandet blir gjennom bileta dobbelteksponert opp mot skogshimmelen, og det blir indikert at skogen kan by på mangt av billig underhaldning berre ein veit å forsyne seg. Videoen fungerer fint som stemningsskapande promotering, me får rikeleg med tid til å bli kjent med ansikta i bandet. Kvalitetar ut over dette er det vanskelegare å finne.
ØSL

MARIA MENA
Nevermind me
DV/DVCam | 4 min | 2008
Regi: Kristoffer Borgli

Ein mann og ei kvinne som kler seg ut i gigantiske dyrekostymer. Medan dei freistar å levere ut flyers vandrar dei gjennom byen heilt til dei treff på kvarandre og søt musikk oppstår. Videoen freistar å spele på ei underleg kjensle av å vere unik og utanom i motsetnad til dei andre som traskar i veg mot sitt daglege dont. Menneska i dyrekostyma har eit naivistisk syn på verda, med klokker av papp og ein happy-go-lucky vandring gjennom bybildet. Filminga står bra i stil til musikken til Mena, og regissøren heldt fokuset på artisten samstundes som han maktar å lage driv i forteljinga. Ikkje spesielt originalt eller visuelt spektakulært, men greitt nok i høve fokuset på musikken og låta som vert presentert.
SIÅ

MARTIN HAGFORS
Black Ice Magenta
35mm | 6 min | 2008
Regi: Talleiv Taro Manum

Besnærande musikkvideo av biletkunstnaren Talleiv Taro Manum. Naturtablå med froskar i hovudrolla legg grunnlaget for illustreringa til musikken til Martin Hagfors. Bileta som Manum nyttar seg av er vakre og gjennom den tette filminga, den nostalgiske og gamle kvaliteten på filmen som er nytta og dei lange klippa mellom sekvensane skaper han ei kjensle av å sjå på ei levande lybileteframsyning. Naturen og liv står i fokuset til kameraet og bildesekvensane har ei ærleg og var framstilling. God film, men ein kan spørre seg kor godt musikken til Hagfors gjer seg til dette verket.
SIÅ

SALVATORE
Abc
DigiBeta | 6 min | 2008
Regi: Matt Willis-Jones

Videoen til Salvatore tek utgangspunkt i nokre fjernsynsopptak frå 60-talet. Det spesielle er at ein har manipulert inn nokre merkeleg blekkteikningar. Tematisk omhandlar filmopptaka politiet sitt arbeid med å løyse ein tilsynelatande svært vanskeleg sak. Introduksjonen av dei mystiske teikninga verkar ikkje å gjere saka enklare. Slik får dei gamle opptaka eit skjær av komikk ved seg.
Det nostalgiske blikket på fortida blanda med dei innmanipulerte teikninga skapar eit estetisk uttrykk som står godt til musikken. På den eiene sida har instumentallåta til Slavatore noko tradisjonelt rytmisk ved seg, samstundes baserer lydbiletat seg i sterk grad på digitalt framstilte lydar. I utgangspunktet er det lite å utsetje på klypperytmen, men «scratchinga» (altså der «videobandet» blir ført fram og til bake over «avspelingshovudet») blir i motsetning til ein kul effekt, eit element som riv sjåaren ut av den suggerande fascinasjonen omkring bileta sin autensitet sett i høve til dei merkelege innmanipulerte teikningane. Mogleg vil det beste uttrykket for stilen ein finn i videoen vera magisk realisme.
EV

VENKE KNUTSON
Holiday
DigiBeta | 3 min | 2007
Regi: Andreas Rønning

Ein klassisk americanamusikkvideo med fokus på artistens kulheitsfaktor. Me følg artisten i kryssklipping mellom synge- og deigesekvensar og ei ytre handling i videoen. Me får sjå ein karakter som er sliten av tung festing, men trass i dette traskar ho ut i verda med dødsforakt og sparkar seg veg fram til fengselet. Litt vel kjedeleg musikk må vel ta hovudskulda for at videoen verkar tradisjonell og trøyttande med ei kjedeleg og lite morosam oppbygging.

YOGA FIRE
Spiker’n i kista for norsk musikk
DV/DVCam | 3 min | 2008
Regi: Lasse Gretland

Den VHS-aktige kvaliteten på denne videoen fører tankane tilbake til 80-talet, til perioden då band som De Aller Værste og Kjøtt la premissane for oppkomsten av ein autonom norsk rockscene. I videoen til Yoga Fire går bandmedlame stort sett rundt i ein amerikansk storby og posserer for kameraet, medan den til tider syng teksten til låten. Slik sett er det snakk om ein klassisk musikkvideostil, og som regissør Gretland meistrar til fulle, særleg når det gjeld måten ein portretterte storbyen frå 80-talet. Kvart av medlemma i bandet framstår med sin eigen kunstnarprega klesstil. Slik spelar dei opp mot eit postpunk og glamrock-image, to genrar som musikken òg kan seiast å slekte på. Det motsetjingsfulle i at bandet opptrer i ein amerikansk storby medan dei syng på norsk om den sørgelige statusen til norsk musikk, får det heile til å framstå som ein nesten ironisk kommentar. I kraft av sin eigen song og musikkvideo er bandet med på å uttømme store delar av idégrunnlaget som har prega den norske alternative rock-scena, nemleg den romantiske oppfatninga av rocken som ei slags kunstform. Mogleg er det triste tider innan norsk musikk og då særleg rocken som har stagnert i eit 80-talsbilete av seg sjølv, men det spørst om metakommentaren til Yoga Fire er med på å forbetre situasjonen.
EV

YOYOYO ACAPULCO
F-word
DV/DVCam | 2 min | 2007
Regi: Håvard Bråthen og Hans Lukas Hansen

Ved hjelp av speilreflekskamera og stort tolmod har eit døgn med vennegjengen på påskehytta blitt iscenesett og foreviga. Bileta er så blitt satt saman og gjort om til film på dyktig vis. Det er hyttekos i stor stil, som ein ser det igjen på gamle fotografi. Dette blir understreka i videoen med at sekvensane me får sjå spring ut frå eit stort fotoalbum som me blar oss gjennom. Medvitne stive smil og framvising av typiske hyttekosaktivitetar skaper nostalgieffekt og viser fram stor ironisk distanse til det heile. Kosen eksploderer i fjeset på deg, og det er lett å tenke at dette blir for mykje, der ville eg ikkje vore. Musikken til Yoyoyo Acapulco verkar også forsterkande her, med skranglete og «gamaldags » sound. Videoen er eit vel gjennomført verk, men så spørs det om «kos overkill»-effekten som blir skapt, og som gjer at i alle fall eg hadde fått meir enn nok etter ei gjennomsjåing, er formålsteneleg for bandet.
ØSL



Relatert

Ingen relaterte saker.


Fra siste Z

Portugisisk film, sa du?

Tretten innganger til en ukjent cinematisk gullalder. | kun utdrag

Det satt to jenter i et rom

Pedro Costas filmserie fra slumstrøket Fontainhas i Lisboa er en oppvisning i «virkelighetsfiksjon», og en bauta i moderne europeisk filmskaping.

«Vakker er et annet ord for rettferdig» – et intervju med Pedro Costa

Filmskaper Pedro Costa om pønk, om kaos som metode, om sitt forhold til Fontainhas gjennom 20 år, og om å yte rettferdighet til mennesker i prekære livssituasjoner. | kun utdrag


Fra arkivet

Om å erobre filmmediet – en samtale med Sølve Skagen

Z #3 1988: I hvert nummer framover vil Z presentere en aktuell filmpersonlighet i intervjuform. Intervjuene er [...] | kun utdrag

Den sårede mannen og drømmen – Refleksjoner over Sølve Skagens film «Brun Bitter»

Z #4 1988: Sølve Skagens nye film Brun Bitter er en filmlek som utforsker mannsrollen. Med drømmen som ramme [...] | kun utdrag

Den digitale fremtiden – endelig løsning eller nye utfordringer for bevaring av filmarven?

Z #2 2006: [Lars Gaustad er direktør for Divisjon for mediebevaring, Nasjonalbiblioteket.] Hvordan kan vi [...]