Årets norske kortfilmer anmeldt

Norsk kort 2008
Årets anmelderstab i Grimstad har bestått av Dag Johan Haugerud, Øystein Steine Larsen, Egil Vadla og Stein Inge Århus. Anmeldelsene av musikkvideoene er skilt ut som en egen bolk.

2007
DV/DVCam | 3 min | 2008
REGI MANUS KLIPP LYD Thomas Simonsen Balmbra FOTO Jannik Dam Kehlet MUSIKK Egil Ursin MED Sakaris Stóra PROD Samir Zedan, Nordland Kunst- og Filmfagskole

En ung mann tar bilder av kroppen sin, og rekonstruerer den til det ugjenkjennelige i en bildecollage. I forkant lurer en historie om et avbrutt kjærlighetsforhold.

Denne filmen scorer på sin visuelle ide, og den spenningen som ligger i bildene. Den diffuse rammehistorien leder oss til å tolke collagenes deformitet som et uttrykk for selvskading, som igjen er forårsaket av dårlig selvbilde, kombinert med kjærlighetssorg. Jeg vet ikke om det er riktig, og tror heller ikke det er så interessant. Det er selve fotografiene og presentasjonen av dem, som trigger interessen, og som får filmen til å fremstå som et litt for kort, men likevel suggererende kunstprosjekt om kropp.
DJH

ADHERENT
DigiBeta | 11 min | 2007
REGI MANUS ANIMASJON Julian Nazario Vargas MUSIKK Soup (aka Erlend Viken) LYD Rune Baggerud/Andreas Revheim MED Sverre Eide/Gunhild Olaussen PROD Rune Baggerud

Animasjonsfilmen til Julian Nazario Vargas tek opp eit klassisk filmtema, nemleg møtet mellom to personar som vert støytt bort av alle andre. Det meste går på tverka for den overvektige hovudpersonen som berre vert kalla baconboy. At det er fødselsdagen hans gjer ikkje tinga betre. Samstundes sit ei overvektig jente i den same situasjonen ein annan stad i den same blokka. Lagnaden vil ha det til at dei båe byrjar å klatre imot kvarandre i eit tau som heng utfor vindaugo. Diverre fell dei ned før dei kjem så langt, men i fallet møtest dei faktisk og slik sett finn dei likevel saman.

Nazario Vargas nyttar seg av tradisjonelle 2D-teikningar. Universet som handlinga føregår i er av det absurde slaget. Til dømes bur hovudpersonane i nokon skyhøge blokker der trikkane går loddrett på utsida av veggen. Animasjonsteknikken og det absurde universet, som er utstrakt i høgda, gjer det nærliggande å tenke på animasjonane i Monty Python. Det skal poengterast at teikningane til Nazario Vargas er langt meir detaljrike og nyansert kva gjeld fargelegging. Karakterane i filmen kommuniserer stort sett ved ei form for grynting. Det å la to nokså overvektige personar uttrykke seg gjennom grynting kan nok av enkelte oppfattast som ei form for mobbing av folk med slike karaktertrekk i røynda.

Tittelen Adherent spelar på samanstillinga av dei to hovudpersonane som komplimentære einingar på liknande vis som egg og bacon. Bruken av kolesterolrik kost til å skildre relasjonen mellom dei to karakterane er kanskje heller ikkje av det heldigaste slaget, særleg med tanke på at overvekt byrjar å bli eit betent tema. Nazario Vargas skal likevel ha for at han ikkje er redd for å skape politisk ukorrekt animasjon.
EV

AUTOVERN
DV/DVCam | 15 min | 2007
REGI MANUS KLIPP LYD Aasne Vaa Greibrokk FOTO Zoë Schmederer MUSIKK Ivar Bowitz/Silje Halstensen/Martin Bowitz MED Susanne Quist/Endre Kristoffersen PROD Nordland Kunst- og Filmfagskole

Denne filmen har utvilsomt katalogens beste stillbilde. Den har også en uttrykksfull og forlokkende tittel. Det vitner om både teft og god smak. Så er spørsmålet om filmen innfrir forventingene. Både og, får man vel si.

Autovern kan beskrives som en kort roadmovie, som har lånt grovt fra ingredienser man tidligere har sett i en rekke amerikanske independentfilmer, noen av dem så velbrukte at de fremstår som klisjeer. Men det trenger ikke å bety at det er dårlig. Kaja Eyde Jacobsen brukte en del av de samme elementene i fjorårets film Herfra til månen, og kom unna med det, påfallende smertefritt, både her til lands og i utlandet. Så det går. Det meste som var der er også her: To unge, fortapte sjeler i kule klær (hvorav den ene bærer rundt på fortiden i en plastpose), som kaller hverandre rare navn, kjøper pølser i en usannsynlig avsidesliggende pølsebu, danser vilt og hemningsløst foran billyktene, og som til slutt ender opp med å ligge ved siden av hverandre og se opp på himmelen.

Oppfinnsomhet og nytenking er dermed ikke det mest slående ved denne filmen. Men den har et foto, og en bilderegi som likevel gir den en tyngde, og som gjør at den står på egenhånd. Det er også tydelig at regissøren har en forkjærlighet til karakterene. Men samtidig som dette er noe av filmens styrke, er det også dens største svakhet. For det føles ikke som karakterene følges helt «hjem»; de blir forlatt på stranden, i en påstått forløsning, der plastposen riktignok er gravd ned, men der følelsen av sorg og tristesse er så påfallende at man gjerne vil vite mer. Så hvorfor ikke utnytte dette, i stedet for å motarbeide det med et slags romantisk sluttscenario som man rett og slett ikke tror på?

Uansett er det et stort potensiale her, og siden dette er en skolefilm, er det mye som tyder på at man kan forvente mye mer fra Greibrokk i hennes kommende filmer.
DJH

BEFORE EVER AFTER
DV/DVCam | 3 min | 2007
REGI FOTO KLIPP ANIMASJON PROD Thomas Løken MANUS Thomas Løken/ Halvar Viken LYD Andre Philippenko MED Thane Kirby/Emma Prowse

Ramma og universet i Thomas Løken sin animasjonsfilm er ein liten planet med nokre snodige bebuarar. Kva desse figurane eigentleg held på vert aldri gjort heilt klart for sjåarane. Mogleg er det nettopp dette som er Løken sitt poeng, å syne det meiningslause, absurde og det evige jaget i handlingane deira.

Bileta er samansett av både 2D og 3D animasjon. Slik vert det skapt eit variert og særeige uttrykk. Denne samansette animasjonsstilen i lag med ein rask klypperytme skaper eit oppjaga tempo. Når lyden i tillegg ikkje er heilt 100% blir det til tider vanskeleg å få med alt som vert sagt på lydsporet. Det sentrale i filmen er nemleg ei utlegging om det uendelige ved universet og tida, og for at ein lever i eit helvete til evig tid.

No er det ikkje vanskeleg å finne brist i ein slik slutning, men som sagt er det mogleg at Thomas Løken funderer resonnementet på ein betre måte utan at sjåaren heilt får det med seg. Repetisjon og sirkularitet er likevel eit poeng som går att i filmen. I starten ser ein den vesle runde planeten i totalperspektiv. Etter kvart går ein nærare og nærare inn mot hendingane på mikronivå. Etter den nemnde utlegginga ser vi mange av hendingane som er vist ein gong til, før ein til slutt endar i eit totalperspektiv. Vi anar såleis ein struktur der alt går i runddans og repeterer seg sjølv.

Under Grimstadfestivalen i 2007 vart det synt ein animasjonsfilm som tok utgangspunkt i låten Lovegun av Kiss. I meldinga av filmen vart det påpeikt likskapstrekk med den franske barnehistoria Den vesle prinsen ut frå poenget om at handlinga finn stad på ei ørliten planet. Slik sett skriv også Before Ever After seg inn i denne tradisjonen. Til liks med historia om Den vesle prinsen kan hendingane i Before Ever After tolkast som metaforar på trekk i vårt eige samfunn. Slik som det evige jaget og jakta vår etter meining, til dømes i ein film som dette.
EV

BORTREIST FOR ANLEDNINGEN
DigiBeta | 30 min | 2007
REGI Solveig Melkeraaen MANUS Ravn Lanesskog FOTO Marianne Bakke KLIPP Christopher Heie MUSIKK Jørgen Malo LYD Elisabeth Monge, egg & bacon DEKOR Anne Siri Bryhni MED Joachim Calmeyer/Gerdi Schjelderup/Isar A. Gallab/Nina Bendiksen/Marit Andreassen PROD Bjørn Eivind Aarskog, Exposed Film Productions

Me møter det eldre ekteparet Gregor og Agathe som lever lukkelege saman i huset sitt. Ein dag kjem borna deira på besøk og overtalar dei til å flytte til ein eldrebustad. Her, fråtekne kontrollen over sitt eige magiske liv, misser verda meining og lukke for det eldre ekteparet og filmen sluttar med at dei reiser heim til huset sitt og ror ut på havet.

Filmen opnar i eit ryddig univers med fokus på det magiske og leikne livet til det eldre ekteparet. I filmstil og symbolikk minner faktisk filmen og opninga litt på westernuniverset. Det vetle huset, sivilisasjonen og det trygge, der Gregor står og skodar ut mot naturen utanfor der farane truar og omsider motstandaren og antagonisten vil kome frå. Posten som vert gøymt og lagt i omnen lukkar ekteparet sin kontakt mot omverda. Dei vil berre vere lukkelege i sitt eige univers, men indianarane – i form av borna – angrip og skaper uro og konflikt i livet til paret. Bornebornet derimot skjønar magien i fantasien til besteforeldra der borna berre ser det rasjonelle og fornuftige.

Dette er ei god skildring av samfunnets infantilisering av eldre, den umyndiggjeringa som føregår i det dei som har fostra opp nokon plutseleg ikkje lenger skal få kunne bestemme over sine eigne liv. Slik sett tek filmen opp og problematiserar eit reelt problem i eit samfunn der livsvisdom tapar mot teknisk og akademisk know-how. Å umyndiggjere og infantilisere vaksne menneske som etter eit langt og levd liv ikkje lenger maktar alt på eigehand, men kanskje berre treng ei hjelpande hand og ikkje ein formanande kontroll. God scenografi og props, god biletbruk og klipperytme, samt ei god forteljing, med unnatak av slutten der frampeika mot livets haust og død vert for mange. Ekteparet går nærast i fotspora åt Dante gjennom filmen sine tre sluttar: skodda – helvete, aldersheimen – skjærselden og havet – himmelen.
SIÅ

BRUTTE KRETSER
DV/DVCam | 9 min | 2007
REGI MANUS FOTO KLIPP LYD ANIMASJON PROD Tom Daniel Reiersen MUSIKK Magnus Dahlberg/Fred Are Larsen MED Nina Biong/Steinar Bang

Eit ekteskap mellom to robotar der mannen kjem frå Nord-Noreg og dama frå sør dannar utgangspunktet for denne animasjonsfilmen. Handlinga tek til ei stund etter at dei to har skild lag. Gjennom filmen vekslar ein på å få høyre manneroboten og kvinneroboten fortelje sine versjonar av det som hendte. Det fascinerande og morsamme med filmen er denne personifiseringa av dei to low-tech robotane. I formgjevinga av robotane kan det sjå ut til at Reiersen har henta inspirasjon frå Chris Ware sine teikneserierobotar. På sett og vis er det òg likskapar mellom Reiersen og Ware i den nedtona sosiale tristessen ved karakterane dei skapar. Robotane i Brutte kretser vert gjeve eit rikt sjelsliv og nyansert personlegdom, sterkt prega av opphavstadene dei kjem frå.

Det er kontrasten mellom den amatørmessige utforminga av robotane og realismen i det dei har å seie og bileta dei vert sett inn i som skaper komikken. Oppløysinga av ekteskapet vert forklart ut frå kulturforskjellane mellom dei to robotane. Slik sett spelar filmen på fordommar om at når søringane må flytte til det «harde» nord, så vert dei offer for baksnakking og mistenkeleggjering. På den andre sida går Nordlendingsroboten inn i eit anonymt og einsamt tilvære når han flyttar sørover. Reiersen har i så måte klart å lage eit godt speil som syner oss fordomane våre på ein absurd og morosam måte.
EV

BUNNYLOOP
DigiBeta | 1 min | 2007
REGI MANUS KLIPP Jan Otto Wiig FOTO Simon Hawken MUSIKK Angelo Badal LYD Marius Hansen MED Tara Høeg/Christopher Homan PROD Anne-Britt Osland, NRK

Denne minuttlange saken tek utgangspunkt i klisjeen frå skrekkfilmen med den haikande jenta som går aleine på ein aude landeveg. Det er mørkt og kaldt og bilen som endeleg stoppar er ikkje av den typen ho helst burde gå inn i. Så langt så godt, handverksmessig ingenting å innvende på genreinngangen. Så kjem tvisten, inne i bilen viser det seg at det sit ein person ikledd kanindrakt, og jenta skrik til. Så dansar jenta ein tilsynelatande tvungen dans med kanina, og det heile liknar meir på eit klipp frå Donnie Darko, filmen som standardiserte lenka mellom tenåringsangst og draumar om skumle menn i kanindrakter.

Kva vil filmen Bunnyloop? Strengt tatt ikkje godt å seie. Kanskje vil den seie noko om genreforventningar, om bunnies som me ventar skal bli tatt av dage. Den som skrik sist skrik likevel verst, og det er ikkje jenta denne gongen. Lydbiletet gjev oss nokre spor i handlingsforløpet, men forklarar ikkje fullt ut. Me får aldri sett noko som kan minne om forbrytingar, alt skjer i vår eigen fantasi og på eit diffust lydspor. Om nokon dør i filmen kan det kan likeså gjerne vere kanina som jenta. Viss det er nokon i det heile tatt. I staden for å halde fram med å prøve å finne svar på kva filmen oppnår, så kan konklusjonen likeså godt vere at filmen ikkje når fram med noko som helst, at den er ein småabsurd sak der regissøren midt i filmen, og av mystiske grunnar, vel å trekke opp ei kanin av hatten for dernest å sjå om dette har nokon effekt.
ØSL

BYGNINGSARBEIDERE
35mm | 6 min | 2008
REGI KLIPP Kajsa Næss MANUS MUSIKK Kjartan Helleve FOTO Janne K Hansen/Kajsa Næss LYD Håkon Lammetun ANIMASJON Cathinka Tanberg/Isak Giertsen/Eirik Kirkaune/Kajsa Næss DEKOR Cecilie Ellingsen/Magnhild Winsnes/Ketil Bruun Andersen/Kajsa Næss MED Jan Gunnar Røise/Anders Mordal PROD Lise Fearnley, Mikrofilm AS

To bygningsarbeidarar diskuterer livet, livssyn og livskriser medan verda rundt dei rasar saman.

Kajsa Næss er ei av Noregs mest rutinerte animatørar og har tidlegare hatt regien på filmar som Leonidestorm (2004) og Filmen om meg (2000) og driv saman med produsent Lise Fearnley produksjonsselskapet Mikrofilm som stod bak blant anna Torill Kove sin Oscarvinnar Den danske dikteren.

Det mest i augnefallande ved filmen er bruken av animerte skodespelarar sett opp mot eit heilanimert bakgrunnsteppe. Reise og Mordal avleverer replikkane med passe dose slapstick og stumfilmgrimaser. Filmens hovudtema – vestlige eksistensielle kriser – er sett opp mot animerte bilete av verkelege kriser og uro – ei verd i fritt fall og oppløysing. Kontrasten mellom røynda og livsopplevinga til dei to bygningsarbeidarane er både morosam og velfungerande i høve ideen i filmen. Ikkje minst sett i høve deira umogelege bygningsprosjekt der verda rasar rundt dei. Gode observasjonar i høve fikseringa i samfunnet på hausing av kriser i livet og negative livssyn som i røynda syner seg å vere positive i høve verdas reelle situasjon. Filmen gjer seg ikkje minst godt av å vere velkomponert og strukturert der den heldt sine forteljartekniske element og lengde på filmen strengt opp mot den historia den ynskjer å fortelje. Morosam, konsis, tett og godt animert.
SIÅ

CARL STØRMER OG HANS DETEKTIVKAMERA
DV/DVCam | 20 min | 2008
REGI MANUS Evald Otterstad FOTO Carl Størmer KLIPP LYD Evald Otterstad/IngerAnna Krohn-Nydal MUSIKK Caliban Quartet MED Terje Strømdal (voice) PROD Evald Otterstad, Aminda Produksjoner AS

Regissør Evald Otterstad har gått gjennom Carl Størmers samling av fotografi tatt i Christiania rundt 1890. Størmer tok desse bileta som ung student, og dei er hovudsakleg tatt på Karl Johan. Det særeigne med desse rundt 500 bileta er at dei vart tekne med eit spionkamera som Størmer bar skjult under jakka si. Han fotograferte dei uvitande personane i det han passerte dei, og gjerne i det dei hadde blikkontakt med Størmer eller når dei helste på han. Dei 20 minuttane som filmen varer er ei einaste lang framvising av desse bileta, og sjølv om bileta er fascinerande i seg sjølve, bidrar Otterstad til å gjere dei spesielt interessante ved i sin voice-over å fundere over Størmers prosjekt og beveggrunnane hans for å ta desse bileta. Han zoomer inn og ut på detaljar i bileta han sjølv finn spanande og bidrar aktivt medverkande. I tillegg set han bileta inn i ei historisk kontekst og tek for seg deira særeigenheit samanlikna med andre bilete tatt på denne tida. Otterstad går også inn på ein fotografiteoretisk problematisering, der han ved å støtte seg til Roland Barthes framhever Størmers snikfotografering som verdifull då denne fangar objekta utan at dei frys seg sjølve som iscenesette objekt for kamera. Han fangar dei då heller slik dei iscenesett seg sjølve for dei andres blikk på den då nye spradearenaen framfor nokon, hovudgata Karl Johan i sin gryande urbanitet.
1890-tallets Cristiania hadde celebritetar av stort kaliber, og Størmer har i tillegg til mange mindre kjente personar fotografert dei fleste av «stjernene» også.

Otterstad gjer gode dramaturgiske grep i framvisinga av bileta, og sparer til dømes triumfkortet Henrik Ibsen til slutten av filmen. Anekdotane er også gode og velvalte. Lappeteppet av fototeori, teoretiseringar over framveksten av det moderne byrom, historiske fakta og psykologiseringar over Størmers medvitne eller umedvitne motivasjon, gjer filmen fortetta og rik. Kort sagt så byr fotografia til Størmer på eit vell av spanande innfallsvinklar. Regissør Otterstad har sett dette, valt å nytte dei fleste av innfallsvinklane og dernest freista å veve dei saman. Faren er at han gaper over for mykje, at moglegheitene som har opna seg opp gjer at me som tilskodarar kun sit igjen med smakebitar utan at djupna blir nådd på nokre av desse nivå. Slik har det heldigvis ikkje blitt, Carl Størmer og hans detektivkamera er blitt ein vellykka og heilstøypt kompilasjonsfilm der trådane som blir lagt ut heile vegen blir fylgt opp. Referansane til Barthes blir gjerne litt einsidige, han kunne gjerne tatt inn andre teoretikarar også når han først gjev seg inn på teoretiseringar av fotografiet som røyndomsrepresentasjon, men balansegangen her er som sagt hårfin. Andre teoretikarar forsvann gjerne ut i siste klipperunde?
ØSL

DAGER AV KJÆRLIGHET
BetaCam SP | 7 min | 2007
REGI MANUS DEKOR Eric Magnusson FOTO Martin Nesheim KLIPP Erik Aster MUSIKK Hanne Hukkelberg LYD Thomas Hukkelberg MED Martha Kjørven/Harald Kolaas PROD Eric Magnusson, FEIL FOLK

Gjennom tre tablå, frå soverom, kjøkken og gang, ser me eit lite emosjonelt drama i eit ekteskap. Mannen i paret et forsiktig sine knekkebrød i senga, på kjøkkenet og på do, medan kona lid seg gjennom kvart minutt (meir eller mindre slik som publikum til filmen) og ventar berre på sjansen til å kunne ta eit bilete av sitt eige kjønnsorgan. Mannen avdekkar dette, fjernar bileta hennar og tek i staden eit bilete av sin eigen penis som han gjev til ho. Dette løyser deira seksuelle problem og i siste tablå frå soverommet ser me at dei to – der dei i fyrste ramme låg separert – no ligg saman.

Denne filmen freistar å skape sitt eige lukka og avsondra univers viss eksistensberettigelese kun ligg i si evne til å kunne skildre manusforfattaren sin historie og ide. Tablåa er velfungerande og repetisjonen av dei bygger oppunder eit kjedeleg og trivielt rutine liv (som nok og må seiast å vere intensjonen i filmen). Sidan dette er ein film utan dialog som fortel historia si ut frå prinsippet show, dont tell, er det viktig at dei få symbola som fortel historia er velfungerande og gode. Her lukkast ein i så måte bra i høve det å nytte fotograferinga av kjønnsorgan som eit desperat forsøk på å bevise sin eigen eksistens og seksualitet som ikkje får utløp på annan måte. Ikkje minst fungerer og dei tekniske elementa og scenografien som er halde til eit minimum.

Her er ingenting som ikkje bygger opp under historia. Til slutt går alle elementa opp i heilskapen til historia då knekkebrødet – symbolet på brotet mellom paret – ligg ute i søpla. Men dette er og det største ankepunktet mot filmen. Den fortel i røynda ingenting. Den er morosam og vellaga, men den har ingenting å fortelje utover akkurat ein liten vits og då vert sjølv sju minutt for lenge.
SIÅ

DANNY’S MAGICAL POTION
35mm | 1 min | 2007
REGI KLIPP Gaute Hesthagen MANUS Hans-Alexander Koot FOTO Trond Tønder MUSIKK Plan 8 LYD Stig Holte ANIMASJON Tor Martin Norvik MED Simon Lay PROD Gaute Hesthagen/Eskil
Johnsen, Paradox/ Tilnærmet Lik

Gaute Hesthagen har i mange år vært en trofast leverandør av kortfilm, og er en filmskaper som må sies å ha en særpreget stemme. Med rett produsent og en uredd og kreativ konsulent kunne han antagelig ha laget visuelt slående spillefilmer. Hvilket han kanskje er i ferd med å gjøre for alt hva jeg vet.

Årets bidrag er en kort animasjon om en gutt som tilfeldigvis får i seg en godhetsdrikk, noe som får så omfattende og voldsomt positive ringvirkninger at det hele ender med verdensfred. Ideen er god, tegningene fantasifulle og animasjonen morsomt utført. Men selv om det fungerer på alle plan, og man sitter med en god følelse gjennom hele filmen, føles det på en måte som om den er over i det den har begynt. Dermed blir man ikke helt tilfredsstilt.

Jeg tror ideen kunne ha potensiale til holde minst ett minutt til. Kanskje to. Eller kanskje til og med enda lengre. Eller for å si det sånn: jeg ville gjerne ha sittet igjen med en følelse av å ha sett mer.
DJH

DESERT EAGLE
DV/DVCam | 1 min | 2008
REGI MANUS FOTO PROD Charlotte Thiis-Evensen KLIPP Kenneth Larsen MED To barn

Filmen byrjer med noko som kan minne om ekte dokumentarfilmbilete av barnesoldatar som spring rundt i skogen med maskingevær, lydsporet synes å stadfeste dette. Me blir likevel raskt klar over at dette berre er to gutar som leiker krig, med svært realistiske effektar og stor innleving. Filmen kan gjerne vere uttrykk for barnas subjektive innleving i krigsleikens verd.

Er så dette ein platt advarsel om at ein ikkje må la barna leike krig, dei har vanskar med å skilje leik og røynd? Nei, på ingen måte. Filmen er snarare ein forsvarstale for det motsette, den syner at barn faktisk er i stand til å skilje, at ein ikkje på død å liv skal springe til og rive leikevåpen ut av hendene på ungar sjølv om dei minner oss skummelt mykje om grusomheitar andre stader i verda. Ein godt fortalt film med ei morosam og lavmelt sluttscene. Desert Eagle makter å kommentere mykje med enkle verkemiddel, ein bra kortfilm.
ØSL

EDDERKOPPENS BAKERI
DigiBeta | 15 min | 2007
REGI MANUS Terje Andre Nymark FOTO Daniel Voldheim KLIPP Torkel Riise Svenson MUSIKK Torbjørn Ingvaldsen LYD Mikael Brodin v/ Ljudbang DEKOR Ebba Furstenberg MED Terje Andre Nymark/Bjørn Sundquist/Andreas Wilson/Lena B Eriksson PROD Joachim Lyng, Sweet Films AS

Teknisk, scenografisk og forteljarmessig er filmen profesjonelt og godt utført. Bileta er flotte, filterbruken er gjennomført med vekslingar mellom gul, brun og blå. Skodespelarane gjer alle ein god innsats, sjølv om nok Bjørn Sundquist har måtte gje meir av seg sjølv i tidlegare roller. Tangomusikken er enerverande, men fungerer til sitt formål.
Grunnlinja for plotet i handlinga er som følgjer: Innehavaren av Edderkoppens bakeri engasjerer unge, sjarmerande menn til å hjelpe kona med bakinga av pariserloff. Han sjølv står i disken og sel unna, medan kona står i med hjelparen inne på sjølve bakeriet. Den seksuelle spenninga på bakrommet lader også opp brøda dei sel med sensualitet. Utan lidenskap på bakrommet; ingen smak på brøda og mindre profitt for innehavaren.

Høgdepunkta i filmen er bakeriscenene der frua og hjelparen kurtiserer einannan gjennom svært tydlege seksuelle hint i utforming og behandling av deigmassen. Det er også lett å mistenke manusforfattaren for å ha hatt desse scenene som idégrunnlag for resten av handlinga i filmen. Samstundes har dette blitt kopla med overhengande edderkoppsymbolikk. Edderkoppsymbolikken i filmen er gjennomført, frå scenografi til persongalleriets oppførsel, eksempelvis veit vel dei fleste kva som skjer med maken til ho-edderkoppen etter at ho har fått parra seg. Men manuset er diverre filmens svake punkt. For sjølve handlingsførelaupet i filmen er litt for fôrutsigbart og den utstrakte bruken av edderkoppsymbolikk blir berre påklistra og overtydeleggjerande. Dermed forsvinn interessa for utviklinga i historia.
ØSL

EG SER DEG, EG SER DEG
DV/DVCam | 4 min | 2007
REGI MANUS PROD Chris Erichsen FOTO Jørn Steen KLIPP Chris Erichsen/ Jørn Steen MUSIKK Bl.a. Agnes Buen Garnås/Knut Buen LYD Geir Bremer Øvrebø/Chris Erichsen MED Anette Hagnell/Chris Erichsen

I kunstfilmen til Chris Erichsen er lerretet delt i to vertikalt. På den høgre sida ser ein hovudet til ei arabisk dame. Dama har på seg ein nesten heildekkande hijab, berre med opning for augo som heile tida stirrer rett mot sjåaren. På den venstre sida står ein kvit mann. Mannen er plassert litt lengre frå kameraet. Han er solbrunn og med open skjorte. Mogleg er mannen Chris Erichsen sjølv. Til liks med dama stirrar han rett på sjåaren. Etter ei lita stund tek han på seg ein slags kalott og nokre farga sjal til å dekke hovudet. Klesplagga vert til dels teke på etter mønster for korleis dama har på seg hijaben. Måten som plagga vert teke på verkar likevel noko tilfeldig og lite gjennomtenkt. På lydsporet kjem det av og til inn ein kvinnestemme som syng folkemelodien «Eg ser deg, eg ser deg» med ein metallisk klang. Ein høyrer òg nokon som pratar litt svakt i bakgrunnen.

Samanstillinga av ei arabisk kvinne og ein kvit mann gjer det nærliggande å tolke filmen som eit uttrykk for forholdet mellom Oksidenten og Orienten. Mannen sitt litt klønete forsøk på å etterlikne orienten sine kleskodar kan oppfattast som ei feilslått tilnærming til kulturen ein finn i austen. Den norske folkesongen «Eg ser deg, eg ser deg» vert i så måte uttrykk for Noreg sin velmeinande ståstad, der vi kan observere den arabiske kulturen, men klarer ikkje å trenge fram og inn i den. Erichsen sin film opnar for mange tolkingar rundt dei nemnde tema. Slik skriv den seg inn i god kunstfilmtradisjon. I negativ lei kan ein kanskje seie at den er litt typisk «kunstfilm» og at biletbruken er litt opplagt. Filmen pressar ikkje grensene for kva kunstfilm er for noko. Slik endar den nok med å henvende seg til dei få. Dette er synd med tanke på det aktuelle grunntemaet.
EV

ELSK DIN SKJEBNE
DV/DVCam | 19 min | 2007
REGI MANUS Andreas Lisberg FOTO Øystein Iversen KLIPP Lars Kaasin MUSIKK Audun Jemtland LYD DEKOR Magnus Holt MED Frank Kjosås/Tobias Santelmann/Mats Kalsen/Ester Marie Grenersen PROD Mia Sundfjord

Elsk din skjebne er eit moralsk melodrama med tre studentar frå vestkanten i Oslo og ei jente frå Nord-Noreg som dei sentrale karakterane. I starten av filmen vert vi introdusert for hovudpersonen, studenten Petter, i det han følgjer ein forelesning om André Bjerke sitt dikt «Elsk din skjebne». Utsagnet framstår slik som ein premiss både for dei moralske vala som Petter gjer og for korleis han i etterkant reagerer på hendingane. Den moralske spørsmålet som er historia sitt omdreiingspunkt handlar om kva Petter gjer når han får vite at jenta som han hadde tilfeldig sex med syner seg å ha blitt gravid. Jenta nektar å ta abort til trass for Petter sin instendige oppfordringar. Den eine av dei to kompisane bort i mot nektar Petter å bli far i så ung alder. På den eine sida framhevar kompisen at dei kan bli og gjere kva dei vil, på den andre sida er det å bli far ein utelukka opsjon. Løysinga på problemet finn stad når Petter og kompisen går til aksjon og bokstavleg talt bankar fosteret ut av mora. Sjølv om hendinga går inn på Petter, endar filmen nokså open der alle dei tre kompisane tilsynelatande går fri frå politiet og heller ikkje let hendinga få noko å seie for framtida deira.

Historia vert fortalt på eit tradisjonelt vis utan dei heilt store krumspringa kva gjeld dramaturgi og tekniske val. I dei mest følelsesintense scenane har Lisberg rett nok vald å bruke eit shaky handhaldt kamera. I tillegg er det mogleg at han har vald å følgje dogmereglane når det gjeld omsynet til lyset. Lyset kan variere kraftig frå scene til scene, og i tilfella der det brenn ut dei kvite detaljane på personane verkar det helst skjemmande. Samstundes framstår denne utbrenninga i enkelte opptak som ein tøff effekt, slik som når himmel og det skarp lyset i kantane skaper ei innramming. Filmen balanserer i så måte mellom ein slags video-realisme (med litt låg kvalitet på oppløysinga) og ein bruk av digitalkameraet til lage nesten oversanslege bilete. Denne sublimeringa av bileta kan seiast å byggje opp om det klassiske temaet ved denne moralske fabelen.

Det forholdvis enkle moralske dilemmaet og dei voldsome følelsane som er i sving gjev filmen eit melodramatisk preg. I tillegg er det noko stereotypt over framstillinga av jenta frå utkanten som den passive og uskuldige, medan personane frå sentrum er dei handlande på godt og vondt. Sett på den andre sida vil eg tru at Frogner-ungdom heller ikkje er like nøgd med nok ein gong å bli framstilt som sneversynte og moralsk ufordragelege.
EV

EN SIMPLISTISK STUDIE AV NUMEROLOGI OG GUD OG SLIKT
DV/DVCam | 4 min | 2008
REGI MANUS FOTO KLIPP LYD Eivind Larssen MED Jannik Dam Kehlet PROD Nordland Kunst- og Filmfagskole

Kan guds eksistens provast? Kan me forstå mennesket gjennom kvantitative oppramsingar av eigenskapar? Regissør Eivind Larssen ser med skråblikk på desse spørsmåla og tek oss med på ei reise i svært tvilsam numerologi. Ved ei oppramsing over kor mykje me et og kor mykje me søv, kor mykje me gjer av ditt og datt i løpet av eit liv, oppnår Larssen å setje livsløpet og livet i eit spesielt perspektiv. Teknisk fint gjennomført film, og timinga er sikkert ikkje dårleg den heller, men særleg originalt er dette skråblikk-perspektivet likevel ikkje. Filmen ender diverre opp med å vere meir irriterande enn morosam.
ØSL

EXISTO
35mm | 4 min | 2008
REGI MANUS DEKOR Jannicke Johansen FOTO Ingri Fjestad KLIPP Frida Eggum Michaelsen MUSIKK LYD Erlend Hogstad ANIMASJON Sement og Betong MED Elgen/Stian Tveiten/Andreas Wærstad Nielsen PROD Stian Thilert

Eit liv blir til. Sædcella vinn kampen om å komme først til egget og embryoet får utvikle seg. Så fødsel, for tidleg sådan, og ein kamp for å overleve. Me følgjer heile førelaupet i nærbilete både innanfor og utanfor kroppen, men denne gongen er det ein elg som har hovudrolla. Det er eit stakkarsleg elgføll som må leggjast i kuvøse, født inn i ei hard røynd. Animasjonen og modelleringssarbeidet i denne filmen er imponerande utført, og dei bileta som freistar å gjenskape fosterutviklinga er som tatt ut frå ei fotobok signert Lennart Nilsson. Lyden høyres også ut som reallyd frå fostervatnet. Filmen forsterkar det sårbare med livet og eksistensen gjennom å utsetje den vanlegvis så sterke og robuste elgen for eit ugjestmildt møte med tilværet, der alt til sist er og blir ein kamp for å overleve, ein kamp for kvart eit andedrag. Var det eit liv verdt å leve? Var det alt? Existo stiller spørsmål utan å diktere svara, den er vellaga og klar.
ØSL

FAMILIEN BERGS ERFARINGER
DigiBeta | 25 min | 2008
REGI MANUS Pål Øie FOTO Johan Fredrik Bødtker KLIPP Sjur Aarthun MUSIKK Johan Leiva m.fl. LYD Erik Watland DEKOR Pål Dixon Sandberg MED Cecilie Mosli/Robert Skjærstad/Per Egil Aske/Gry M. Dahl PROD Jan Aksel Angeltvedt, Alligator AS

Kjernefamilien Berg er på veg til hytta si når ektemannen og faren sovnar bak rattet og vaknar av at han køyrer over noko. Dei stoppar bilen. Det syner seg at dei har køyrt over hunden til ein mann som bur i skogen . Mannen insisterer på at dei skal gravlegge hunden hans og gjennom psykopatisk manipulasjon viklar han familien inn i eit spel i skogen som står om liv og død. Gjennom glimt får me sjå at dette ikkje er fyrste gongen forbipasserande har vorte lurt opp til huset, der han drep dei. Filmen sluttar med at familien kjem seg unna etter å ha drept den sinnsjuke.

Det er noko med Pål Øie og grantre. Han byrjar nærast å få ei sams tilnærming til sine filmar som alle føregår utanfor «sivilisasjonen» og ute i granskauen, slik som i kortdramaet Siste hus (2002) og grøssaren «Villmark» (2003). Nok ein gong presenterer han oss for ein grøssar. Denne gongen lukkast han ikkje heilt på vegen. Filmen vert eit samansurium av I Know What You Did Last Summer (1997) og The Texas Chain Saw Massacre (1974). Øie klarar tidvis i filmen å framprovosere grøss etter klassisk oppskrift med rom ein ikkje bør gå inn i eller ved å lata oss vente på det uungåelege møte med den gale mordaren. Trass i desse smågrøssa vert historia litt rotete og handlingsmotivasjonen utydeleg: kva var det eigentleg som låg i frysaren – ein hund?, og kvifor er mannen ein gal psykotisk mordar? (om ein då ser bort frå at han bur på bygda som motivasjon nok). Litt utydeleg og litt vel påtrengte grøss kombinert med lite oppbygging og ein narrasjon som går direkte på splatteren og sjokkeffekten gjer at dette ikkje heilt når opp i grøssartradisjonen. No skal ein dog ikkje sjå bort frå at trass alt er dei fleste så vande med å lese denne typer filmar at ein kanskje ikkje treng å bygge opp kring historia lenger, men heller berre sleppe grøssa laus. Det er berre det at grøssa ikkje vert heilt skremmande, snarare litt tafatte slik som den litt treige, haltande og ikkje heilt skumle bygdemannen. Tidvis fine fotoaugneblinkar, slik som den raude ballongen i byrjinga om driv av garde aleine gjennom granskogen, men ikkje nok.
SIÅ

FLAX
35mm | 11 min | 2008
REGI Bård Ivar Engelsås MANUS Kristofer Hivju FOTO Kristian Karlsen KLIPP Kristian Karlsen/Bård Ivar Engelsås MUSIKK Sander Stedenfeldt Olsen LYD Jon Arne Hoff Johansen/Svein Tjeldflåt MED Kristofer Hivju/Eric Magnusson/Morten Rudå/Erik Hivju
PROD Kristian Karlsen/Bård Ivar Engelsås, Ekkofilm

Filmen byrjer som ein brunfiltra film-noir. Ein forretningsmann bestiller likvidering av ein kompanjong som har svikta, og to torpedoar tek på seg oppdraget. Dei venter på offeret sitt i eit isolert parkeringsanlegg medan dei kranglar over eit flax-lodd.

I byrjinga verkar filmen som ei rein Quentin Tarantino-øving, tatt ut av Reservoir Dogs eller Pulp Fiction, med gangsterar som kranglar og diskuterer bagatellar, og der hyppig revolverpeiking og vold blir brukt som spaningsskapande og forteljarmessig forsterkande element. Heldigvis flytter filmen seg vekk frå dette mot slutten, der den intendert glir over i eit mykje mjukare lynne og der genreforventningane blir rokka noko ved. Lyssettinga er god og enkel. Filmen har sine småmorosame sider, men eg let meg likevel ikkje rive med av flaxlodd-filosoferingane. Denne pågåande dialogen mellom dei to torpedo-kompisane er filmens sentrale element og det som burde bært filmen. Når den no ikkje gjer det, blir filmen heller uinteressant.
ØSL

FORLAT OSS VÅR SKYLD
DigiBeta | 23 min | 2007
REGI MANUS Kjersti Steinsbø FOTO Anna Myking KLIPP Geir Hørnes MUSIKK Olav Øyehaug og Enslaved LYD Opptakslyd Håvard Sætre/lydmix Øyvind Rydland DEKOR Trygve Hov MED Trond Fausa Aurvåg/Siren Jørgensen/Azzurra Antonacci/Leandro Guerrini PROD Lars Løge/Johnny Holmvåg, Flimmer Film AS

Ut frå eit verdikonservativt synspunkt vert kristen religion gjerne sett på som det gode og ateistiske black-metal ungdom som eit onde. Forlat oss vår skyld gjev eit litt anna syn på denne oppfatninga. Tre italienske black-metal fans har køyrt seg vill på veg til Bergen. Tilfeldigvis kjem dei over ein religiøst drive ungdomsanstalt. Leiarar for anstalten er eit søskenpar som oppfostrar ungane med hård hand og strenge påbod. Italienerane blir brått ein del av søskenparet sin forferdelege plan der dei gjennom eit rituale skal forløyse ungane frå deira syndige liv og føre dei til ein betre stad – himmelen. Ungane blir drukna av forstanderane, men italienarane klarer likevel å rømme.

I filmen er kontrasten mellom svart og kvitt eit viktig poeng. Kjersti Steinsbø og fotograf Anna Myking har klart å fange sommardagen sitt skarpe sollyset på ein måte som nesten blendar sjåerane. Dei dystre sidene ved den svarte metal-stafasjen til italienerane bleiknar og mister brodden i møtet med den intense utståling frå lyset og alt det kvite hjå den religiøse sekta.

Omkalfatringa av oppfatninga av kva som er mest fryktinngytande kjem godt til uttrykk i scena der ein av italienarane siterer ein black-metal tekst (på nynorsk). Når ein av dei kristne ungdomane svarar med å lekse opp frå Johannesevangeliet framstår black-metalsongen til samanlikning som nokså harmlaus.

Den første halvdelen av filmen er klart den sterkaste, med fleire gode filmatiske løysingar og til dels morosame poeng. I den siste delen vert det lagt vekt på å forklare og rasjonalisere den grusomme handlingane til forstanderane i sekta. Det spørst om psykologiseringa som ein baserer seg på i det heile teke hadde holdt til å bestå eksamen i P101. Forklaringa skapar til dels fleire spørsmål enn den svarar på. Det er vanskeleg å ikkje tenke på TV-serien Carnevale når ein ser filmen, men som sagt er det meir humor i den, i alle fall for oss nynorskbrukarar.
EV

FORTÆRELSE
DV/DVCam | 1 min | 2008
REGI MANUS FOTO KLIPP LYD Hove/Hesjevoll PROD Nordland kunst- og filmfagskole

Ein minutt lang animasjonsfilm der handlinga er lagt til Knut Hamsuns Christiania. Kunstnaren går svolten rundt og stirer inn på bakarvarene i butikken, utan pengar til å kjøpe mat må han finne anna å nære seg på: litteratur som omhandlar hans eigen situasjon til dømes, litteratur som omhandlar kunstnarmyten. Dei animerte teikningane i filmen er pent laga og stemningsskapande. Filmen har som det sømer seg eit overraskande sluttpoeng, men sluttpoenget er diverre også litt platt, det når ikkje ut over seg sjølv, kommenterer ikkje kunstnarmyta ytterlegare. Fortærelse ender opp som ein liten snutt av ein film, raskt fortært.
ØSL

GJØR GODT ELLER DØ
DigiBeta | 12 min | 2008
REGI Ragnar Go’hjerta MANUS Magnus Henriksen FOTO Magnus Henriksen KLIPP Ragnar Go’hjerta/Erik Løfgren MUSIKK Johannes Bjerga/Micah Schaer LYD Micah Schaer/Halstein Larsen ANIMASJON Micah Schaer DEKOR Magnus Henriksen/Tim Wilcott/Bjørn Mejdell Larsen/Christian Solum MED Ole-Jørgen Nilsen/Marcel Henriksen/Helene Aasland/Cherina Go’hjerta PROD Vassfaret studio

Rundt 1970 fann det stad eit forfriskande modernistisk bølgjeskvulp i det norske filmmiljøet. Talenta som viste seg fram bar bod om ei eksperimentell, ambisiøs og spanande norsk filmframtid. Bølgjeskvulpet rant vekk i sanden, og fleire av desse talenta har knapt laga film i ettertid. Dei mest segnomsuste og myteomspunne av desse tapte talenta var Arild Kristo og Lasse Henriksen. Henriksens eksperimentelle langfilm Love is War vann sølvbjørnen i Berlin i 1971, og sidan kom ingenting anna frå den kanten enn rykte om ufullendte prosjekt. Ingenting før no. Premieren på Gjør godt eller dø er difor ikkje noko mindre enn ei norsk filmhistorisk hending.

Eit langt liv er levd i dei 38 åra som er gått sidan førre film, og Henriksens kamp for å vere tru mot si åndelege overtyding og sine personleg og filmatiske visjonar kjem tydleg til uttrykk i filmen. Det er difor blitt ein svært personleg film, eit sterkt vitnesbyrd om eit liv levd med eit brennande ynskje om å gjere dei riktige vala i livet og å stå for desse vala. Den er også eit vitnesbyrd over eit ynskje om å ikkje kompromisse med kunstnariske visjonar.

For Henriksen er framleis svært ambisiøs. Han ynskjer å utvikle filmspråket, formidle historier på film som ikkje kan uttrykkast gjennom anna enn levande bilete. Og det er ingen tvil om at Henriksen framleis har kontroll over filmlensa. Bileta er fortryllande vakre og detaljert bearbeida, skote i breitt format. Sjølve narrativet er heller ikkje blitt meir konvensjonelt med åra, arven frå Love is War er framleis tydeleg. Med dagens datateknologi er moglegheitene for å bearbeide bileta også utvikla, noko Henriksen grip fatt i med stor entusiasme. Filmen rører seg difor frå mikrokosmos til makrokosmos, frå to menneske knytt saman i livslang kjærleik, gjenspegla i ein regndråpe og klipt opp mot bilete av universet. Dei flyt i livets elv, også konkretisert gjennom bibelsitat, og dei drikk av ungdomskjelda og opplever einannan som levde liv, som delar av ein langt større samanheng. Det heile er New Age-aktig, nærast forkynnande, og fleira av bileta kunne vore klipt ut frå Vakttårnet. Og opp mot kjærleiken kjem krava utanfrå, frå den «verkelege verda», eksemplifisert gjennom mannen frå filmindustrien som skrikande krev at hovudpersonen skal gjere ferdig filmen sin, halde seg til regelboka og etablerte konvensjonar. Akkurat her er parallellane til Arild Kristos legendariske Kristoball openbar.

Uavhengig av om du kjøper Henriksens versjon av røynda og dens åndelege samanhengar eller ikkje så har filmen definitivt mange kvalitetar ved seg. Med ambisjonsnivået den har lagt seg på ved å freiste å seie noko om dei store samanhengane i livet er fallhøgda stor, og det er lett å seie at «dette er for langt ute, dette kjøper eg ikkje». Film-Noreg bør uansett vite å sette pris originale stemmer som Henriksen si. Gjør godt eller dø er eit berikande filmatisk tilskot til den elles nokså trauste norske filmkvardagen.
ØSL

GLADE JUL
DigiBeta | 9 min | 2007
REGI Tomas Kværner MANUS Tomas Kværner/Jan Christian Forthun FOTO Petter Lee KLIPP Marius Smit MUSIKK Hans Offerdals/Harald Sandø LYD Maria Raita ANIMASJON Jan Christian Forthun DEKOR Åsa Hallsteinsdatter Hoel MED Adrian Larsen/Hauk Hayerdahl/Ragnhild Udbye Lefstad/Henrik Høie PROD Jan Christian Forthun

Kortfilmen til Tomas Kværner går inn i ein god tradisjon av historiar der nokon på nesten magisk vis klarer å redde jula. Skilsmissebarnet i den vesle kjernefamileien er blitt desillusjonert og negativ til jula. Den nye faren vel likevel å gå ut i garasjen for å spele rolla som julenissen nok ein gong. I beste Snekker Andersen-stil møter han her ein annan voksen som spør om dei skal bytte på å spele juleisse i sine respektive familiar. Den nye nissen viser seg å vera den biologiske faren til guten. Den eigentlege faren har nemleg mista retten til å sjå bornet sitt. Møtet med faren gjer at ungen til slutt både forsvarer julenissen og forsoner seg med mora og stefaren. Slik sett er dette ein moderne julefortelling.

Dramaturgien er tett og rolleframstillinga av den litt pripne og betrevitande gutungen er god. Utviklinga til karakteren er kanskje ikkje like truverdig. Det at guten sitt møte med den biologiske far skal få han til å snu rundt på ein femøring og gå mot alt han stod for berre minutt tidlegare er neppe heilt god psykologi. Det er vel heller ikkje heilt realistisk at mora nokså passivt godtek at faren som har blitt frateke retten til å sjå ungen omgår dette påbodet sjølv om det er jolaftan. Men sidan dette er ei joleforteljing, er det heldigvis ikkje realisme som står i høgsete. Kværner skapar vakre bilete som til tider kan minne om både «Reisen til Julestjernen» og til framsida på jolekort. Det er vanskeleg å unngå ein liten klump i halsen etter å ha sett denne filmen.
EV

GOYO
DV/DVCam | 17 min | 2007
REGI MANUS FOTO KLIPP LYD PROD Lindsay Sanner/Emila Danilovic/Marie Brobakke

I denne filmen portretterer dei tre dokumentarfilmskaparane den unge og ukjende latinamerikanske filmskaparen Goyo. Filmen vekslar mellom å syne utdrag frå filmane til Goyo, intervju med fyren og sekvensar der ein er med han på filmopptak, eller når han er på veg for å søke jobb. Regissørane har i Goyo funne ein unik person som både har noko tragisk og komisk over seg. Mannen er lidenskapeleg oppteken av det han kallar undergrunnsfilm. Kort fortalt kan det verke som at Goyo mener denne filmgenren helst skal innehald element av outsiderkultur, slik som transvestisme og outrert erotisme. Det fleste av filmane hans framstår som nokså uforståelege. Det tragiske ved Goyo er nettopp dette elementet av å vera misforstått kunstnar. I andre sine auge vantar han rett og slett talent. Til og med sjefen hans undrast over at dei norske dokumentarskaparane har funne han interessant som filmobjekt.

Filmen er til tider svært komisk og det er her ein kan stille spørsmål om dei etiske sidene ved prosjektet. Regissørane har gjort ein god jobb med å kome inn på livet til Goyo. Men har dei så nytta denne tilliten til å framstille han på ein latterleg måte? Til regissørane sitt forsvar skal det poengterast at dei på same tid er villege til å stille opp i filmane til Goyo. Slik sett dreg båe filmteama nytte av kvarandre (på You Tube kan ein sjå Goyo sin film der jentene er med) Filmen Goyo er eit flyktig møte med ein særeigen og kanskje misforstått filmskapar. Slik sett er den nok langt på veg i tråd med Goyo sin eigne oppfatningar av kva vakker kunst er.
EV

GUTTEN OG TORSKEN
DigiBeta | 5 min | 2007
REGI Bjørn Fast Nagell MANUS Bjørn Fast Nagell/Kristian Pedersen/Jonas Bjerketvedt FORM OG ANIMASJON Kristian Pedersen KLIPP Bjørn Fast Nagell MUSIKK Edwin Sykes LYD Jonas Bjerketvedt MED Andreas Kjølberg/Kristian Pedersen/Bjørn Fast Nagell/Ellen Røhr-Staff/Jonas Bjerketvedt PROD SYDD PRESS v/Bjørn Fast Nagell

Ein gut sit i sofaen og ser på TV. Medan han ser på eit nyhendeinnslag om valdeltaking og demokratisk sinnelag dukkar eit torskehovud opp ved sida av han og oppfordrar han kontinuerlig om å vie interessa si åt action- og sexinnslag på TV. Filmen sluttar med at guten går til åtak på hovudet for å kunne verte eit politisk bevisst menneske.

Animasjonen til Fast Nagell er streka opp i fine og enkle teikningar med eit godt 50-tals estetisk preg over seg, trass i at dataanimeringa i lengda kjennest litt vel flatt. I tillegg fungerer den repeterande og kontinuerlege røyrsla i bileta berre morosamt i byrjinga av filmen, over tid vert den pratande torsken og den gamle dama på TVen enerverande. No er kanskje og denne irritasjonen ein del av beveggrunnen til guten sitt opprør mot og drap av torskehovudet. Filmen verkar mest av alt som ein reklamesnutt for å auke valdeltakinga blant unge fyrstegongsveljarar, men ein skal kanskje ikkje leite for lenge etter ein tyngre bodskap. Tidvis morosam, men for lang og repetitiv ihøve til dei små morosame poenga den leverer.
SIÅ

HOMAGE TO LEO THE LION
35mm | 1 min | 2007
REGI LYD MANUS FOTO KLIPP PRODMarianne Heske

MGM sin velkjende logo fyller skjermen. Over løva Leo kan ein lese filmselskapet sin slogan «Ars Gratia Artis» – kunst for kunsten si skuld. Men Leo oppfører seg anleis i denne filmen. Gjennom manipulerte rørsler ser me ein annan Leo, ei løve som ikkje er der for filmen si skuld men som er der åleine for seg sjølv.

Marianne Heske er ein av Noregs mest sentale konseptkunstnarar og har tidlegare vore festspelkunstnar i Bergen samt representert Noreg i Sao Paulo. Verket hennar Gjerdeløa, der ho flytta ei i Taford gjerdeløe frå 1700-talet til Centre Georges Pompidou i Paris vart av Morgenbladet kåra som eit av dei 12 viktigaste verka i norsk samtidskunst. Det er altså eit norsk kunstnarikon som i denne filmen tek utgangspunkt i ein re-presentasjon av eit av filmhistorias mest kjende ikon.

MGM sin logo og løva har i 80 år stått som eit godkjenningsstempel for dei produkta studioet har synt. I 80 år har løva brølt for andre, med denne filmen let Heske Leo brøle for seg sjølv og kanskje for fyrste gong for kunsten sin autonomi, lausriven frå kommersielle og politiske formål. Det er altså ikkje rart at Leo i Heske sin homage framstår som både usikker og litt nervøs der den brøler sin bodskap ut på vegne av MGM, jungelens konge står låst fast i eit sjølvmotseiande autonomt «trade mark». Men kanskje endå meir i eit autonomt brøl for seg sjølv. Heske tek Leo ut frå dei kommersielle formåla han har oppfyllt og let han stå sjølvstendig for seg sjølv i kinosalen.
SIÅ

ILSAS ANATOMITIME
DV/DVCam | 4 min | 2008
REGI Andreas Nilssen Moss MANUS LYD ANIMASJON DEKOR Andreas Moss/Toni Nordli/Camilla Nikolaisen FOTO Andreas Moss/Toni Nordli KLIPP Toni Nordli MUSIKK Pingo/David Flavin/Jim Ether PRODNordland Filmfag og Kunstskole

En lærer av den gamle skolen får et raserianfall på grunn av sine elevers manglende konsentrasjon og ender med å kverke dem – helt bokstavelig – ved å spidde og flå dem med pekestokken. Så grusom er hun at en vel så passende tittel kunne ha vært Bestialitetens anatomi. For det er i bunn og grunn bestialitet det handler om, og hvilket materiale er vel mer egnet til å få maksimalt ut av dette temaet enn plastilina? Andreas Nilssen Moss har utnyttet mediet og materialet så godt han kan, og har dermed klart å lage en til dels brutal, morsom og gjennomført film.

Om man har en hang til analyse skulle man også kunne tolke den til å være en kritikk av Kristin Clemet og høyresidens engasjement for en mer disiplin- og læringsorientert skole. Men jeg er usikker på om Moss har ment akkurat det.
DJH

INTERLUDE
35mm | 12 min | 2007
REGI Katja Eyde Jacobsen MANUS Stian Angel Eriksen FOTO Øystein Mamen KLIPP Ida Kolstå MUSIKK Ola Fløttum LYD Sverre Eide/Renate Bakke DEKOR Ragna Lea PROD Karin Julsrud, 4 1/2

To matleie tenåringsjenter spiser smågodt, diskuterer gutter, og chatter på nettet for å finne en potensiell kjæreste …
Det er mer, og jeg skulle gjerne ha røpet resten av innholdet, men siden dette er en av de sjeldne filmene som har lykkes i å skape en overraskende og uforutsigbar sluttvending, føles det nesten litt urettferdig å si noe mer.

Det er ikke bare manuset som er godt, Interlude er en film som har masse talent i alle ledd. Tilsynelatende nøktern og upretensiøs i stilen bygges filmen opp til å bli en liten kortfilmperle, mye takket være en sikker regi. Katja Eyde Jacobsen er lydhør for alle de umiddelbare, rare og corny øyeblikkene som oppstår når de unge skuespillerne med største selvfølgelighet snakker i ord og vendinger som virker alt for store for dem. Det kommer ut som både veslevoksent, søtt, vulgært, pinlig, morsomt og sårt på en gang, hvilket er utrolig godt gjort, både av skuespillerne og regissøren.

Jeg kunne ha lyst til å si at castingen er noe av det beste med filmen, men den er dessverre også noe av problemet. (I og for seg det eneste, så langt jeg kan se). Og da sikter jeg ikke til ungdommene, men de mer garvede skuespillerne som har rollene som foreldrene. Av en eller annen grunn virker det ikke som de er helt justert inn i den samme spillestilen som de andre, og klarer dermed aldri å matche den spontaniteten og troverdigheten som finnes i spillet mellom de unge. Tvert imot sprer de om seg med en stivhet som trekker ned en ellers så god kortfilmopplevelse. Heldigvis er det ikke nok til å overskygge det positive, og Interlude står likevel igjen som en av de bedre filmene på festivalen.

Et ekstra pluss skal regissør og produsent ha fordi de har laget en komedie som tar både temaet og karakterene på alvor.
DJH

JØJE MEG FOR EN JUL!
DigiBeta | 8 min | 2007
REGI Mattis Folkestad MANUS Lasse Nederhoed KLIPP Håkon Noodt LYD MUSIKK Rune Nilson ANIMASJON Mattis Folkestad/Øyvind Tangseth/Espen Alme Ellingsen/Siv Nordsveen/Kristoffer Anmarkrud MED Rune Nilson/Ingrid Gjessing Lindhave/Vidar Magnussen/Ivar Nergaard PROD Marius Hoel, NRK

Denne dataanimerte teiknefilmen er ein episode frå det suksessfulle TV-programmet Halvsent. Tradisjonen tru er også denne episoden ein ramsvart sak som sparkar i dei fleste retningar. Den viser fram ein framtid der nordpolen smeltar og der julenissens hjelpar ser meir pengar i å jobbe på oljerigg enn for nissefar, ein nissefar som også får sine problem med den overforsiktige amerikanske antiterror-politikken. Opp mot dette finn me den vesle guten som insisterer på at julenissen fins sjølv om foreldra hans avviser alt som har med julefeiring å gjere som kommersiell pengeutsuging. Som Halvsent for øvrig er også denne julefilmen ein Southpark-aktig miks av burleske idear. På slutten tek den seg også saman som julefilmar skal og blir rett så koseleg, eller i alle fall så koseleg som den kan bli utgangspunktet tatt i betraktning. Også Halvsent kan dele ut hjartevarme når det trengs. Vitsane i filmen fungerer brukandes bra, og gjer at ein blir underhelde mesteparten av dei åtte minuttane filmen varer.
ØSL

KATTEN OG BILDET
DV/DVCam | 2 min | 2008
REGI MUSIKK LYD ANIMASJON Åsmund og Lyder Janøy MANUS Lyder Janøy FOTO Åsmund Janøy KLIPP Lyder Janøy MED Stuff PROD Åsmund Janøy, Animidas

Ein ung gut tek bilete frå bussen på veg til far sin. Som vaksen vert han swinger.

Eit særs morosamt sjangerbrot. Filmen har ein klassisk oppvekstfilmstart for born, der ungguten stirrer ut mot verda med uskyldige oppspilte auge. Like raskt som filmen set genrestemninga skiftar den karakter. Utan å dvele ved noko som helst dreg Janøy & Janøy oss med god timing fram mot det overraskande sluttpoenget. Kattemannen som knullar alt han kjem over. Perfekt lengde og vitsen heldt i massevis for denne filmen.
SIÅ

KROKKETMATCHEN
35mm | 25 min | 2008
REGI MANUS Bobbie Peers FOTO Jakob Ingimundarson KLIPP Pål Gengenbach MUSIKK Per Midjo LYD Thomas Angell Endresen DEKOR Guri Giæver MED Thomas Berg/Knut Haugmark/Rhine Skaanes/Christina Mae/Kim Farchild/Gaute Garlid/Anne Mette Husafalk/Solveig Haugen PROD Maria Ekerhovd, KONG FILM AS

Dette er den tredje av Bobbie Peers’ symbolske fabler. Og som i de foregående filmene har han nok en gang tatt elementer fra virkeligheten og konstruert et univers som både er gjenkjennelig og absurd på en gang.

Krokketmatchen er en slags dystopisk Planet of the Apes-historie der menneskene er dødd ut i en pandemi og jorden er tatt over av neandertalere med stavangerdialekt – hvilket antagelig betyr at om menneskeheten forgår, så vil likevel en liten fraksjon av den norske språket bestå. For mange en gledelig nyhet, kanskje, men om man ser det som betegnende for det samfunnet som beskrives i filmen, heller deprimerende. Siden neandertalerene er en menneskeart som i utgangspunktet mangler språk og evne til abstrakt tenkning, har utviklingen stagnert, eller til og med gått tilbake, slik at samfunnet er blitt enda mer forenklet enn det var. I filmen kommer dette først og fremst til uttrykk gjennom overklassens valg av fritidssyssel, som verken er seiling, polo eller golf, men det mer fellesferie-pregede spillet krokket. Det eneste gjenlevende mennesket er en forfengelig og selvopptatt discodansende mann, som i egenskap av å være «Den siste» kommer i medienes søkelys, noe han nyter like uhemmet som en realitykjendis. Selv om han er så desidert i mindretall, oppfører han seg likevel som om han er neandertalernes overmann, og når datteren til formannen i krokettklubben inviterer ham med på en match turer han overlegent og vulgært fram, og benytter enhver anledning til å fornærme vertskapet.

Filmen kan leses på mange måter: som en allmenn sivilisasjonskritikk; som en mer spesifikk kritikk av den norske selvgodheten, eller muligens som et slags varsel om hvordan Norge vil utvikle seg under en Fremskrittspartiregjering. Man kan også se den som en illustrasjon av Bordieus teorier om maktforhold basert på sosial status og klassekultur. Eller kanskje man bare skal se den som komedie, uten å tillegge den andre motiver enn ønsket om å underholde. Alt er i grunnen mulig. Og på en måte er det det som er problemet med Peers filmer. De er både så symboltunge og samtidig så åpne at man kan bruke dem til å si nær sagt hva som helst. Og kanskje er det mer en kvalitet enn et problem, men for meg blir det for vagt og dermed likegyldig.

Jeg skulle ønske Peers ville fleske til og lage en mye frekkere og modigere enn han har laget til nå. Det visuelle er jo der. Også i Krokketmatchen. Eller, spesielt i Krokketmatchen. Her er det scenarioer som man aldri har sett før, i alle fall ikke i norsk kortfilm, og bildet av en discodansende mann i en ring med krokettkledde neandertalere blir derfor sittende igjen på netthinnen lenge etter at de fire minuttene er over.
DJH

L’ATTENTE
35mm | 2 min | 2007
REGI MANUS KLIPP LYD PROD Ingvild Søderlind FOTO Alexandra E I Perez Seoane

En film om venting, som i det store og hele kun består av følgende korte set up som fullbyrdes i et fantastisk øyeblikk: en liten jente står og ser ut gjennom vinduet i barnhagen mens hun venter på faren sin. Og så kommer han.

Og det er det.

Det mest interessante ved prosjektet er at dette isolerte øyeblikket faktisk er tilstrekkelig for at man skal oppleve filmen som fullverdig.
Et spørsmålet som ofte oppstår når jeg ser en ikke spesielt god spillefilm, som likevel har ett eller to magiske øyeblikk, er om øyeblikkene er nok i seg, og om de oppveier for en ellers langtekkelig kinoopplevelse.

Et annet spørsmål er om disse øyeblikkene kunne ha vært trukket ut av filmen og stått alene som en egen liten kortfilm. Med L’attente beviser Ingvild Søderlind at svaret er ja.

På deltagertreffet i Grimstad avslørte Søderlind at set-upet var konstruert for å kunne skape et øyeblikket som hun på forhånd visste ville inntre, og at filmen dermed hviler på et element av juks. Jeg vil si at bruken av musikk for å bygge opp en forventning er mer juksete, og at det fratar oss noe av overraskelsen. Men det er ikke sikkert det stemmer. Det er uansett en særdeles vellykket og fascinerende liten film som man får lyst til å se igjen.
DJH

LITEN KNUTE
35mm | 14 min | 2008
REGI MANUS Kjersti Steinsbø FOTO Anna Myking KLIPP Sergio Chavarria MUSIKK Olav Øyehaug LYD Øyvind Rydland ANIMASJON Edwin DEKOR Trygve Hov MED Elisabeth Lahr/Brit Langlie/Jeppe Laursen/Karl Vidar Lende PROD Lars Løge/Johnny Holmvåg, Flimmer Film AS

Den såpass konkrete og figurative framstilling av temaet morsbinding er truleg noko av årsaka til at Kjersti Steinsbø har vald å filmatisere novella «Liten knute» av Gunhild Øyehaug. Plottet blir etablert når ein på fødestua ikkje klarer å kutte navlestrengen mellom mora og den nyfødte ungen. Dette leier til ei rekke vittige situasjonar i livet til Kåre og mora som følgje av at dei bokstaveleg talt er knytt saman med ein 5 meter lang navlestreng.

Kjersti Steinsbø har tydeleg lagt vekt på å få til den rette tidskoloritt på sceneografien med tanke på oppveksten til Kåre. Til trass for dei mange ulike settingane skaper Steinsbø eit nokså stilreint uttrykk både når det gjeld lys og fargar. For så vidt er det dei mange absurde situasjonane skaper drivet i historia. Steinsbø klarer i tillegg å få skildra ein god karakterutvikling hjå dei to hovudpersonane, frå barndomen til Kåre, via pubertet og delvis sjølvstendiggjering, før Kåre mot slutten forsonar seg med eksistensen saman med mora, også etter at ho er død. Det problematiske er derimot å skjøne kva Øyehaugen ønsker å oppnå med å filme denne novella. Ho får som sagt visualisert dei absurde poenga frå novella bra, men det er vanskeleg å sjå at historia har noko djupare poeng ved seg. På dette grunnlaget framstår filmen i første rekkje som eit godt handverk frå Steinsbø si side.
EV

LOST PICTURE FOUND
DV/DVCam | 9 min | 2007
REGI Axel Mustad Bevreng/Kash Kazai MANUS Kash Kazai/Mustad Bevreng FOTO Hans Jørgen Ersvik/ Axel Mustad Bevreng KLIPP Axel Mustad Bevreng/Kash Kazai MUSIKK Åsmund Skuterud LYD Bård Farbu/ Erik Watland MED Julie Johansen/Fredrik Paasche/Henrik Nybi Plau
PRODKash Kazai

Fredrik kjem frå ein typisk sosialt utsett arbeidarklassefamilie i England, der familiemedlemmane sklir av garde på kvar sine ustabile spor. I ein freistnad på å rette opp kursen flytter Fredrik og den alkoholiserte faren til Oslo, der den unge Fredrik knyter vennskap med Henrik og Julie i det som han skildrar i voice-over som den beste sommaren i livet sitt. Eit potensielt sjalusidrama og eit bilkrasj står etter kvart sentralt i forteljinga, hender det eller hender det ikkje?

Regissørane Bevreng og Kazai er ikkje redd for å prøve ut ulike forteljargrep, med flashback, historieforteljing som snur og går i revers, kjappe personintroduksjonar gjennom stillbilete og anekdotar, voice-over og ulike subjektive draumebilete. Lydbruken er også variert og likeins filmformatbruken. Eg undrast litt over motivasjonen for bruken av ein del av elementa, då resultatet blir at rytmen i filmen er noko uryddig og voice-overen blir litt for dominerande til å bere filmen. Resultatet tenderer mot ei illustrert novelle der grunnforteljinga ikkje fangar interessa heilt som den skal. Effektbruken blir litt påtrengande. Når det er sagt så viser Bevreng og Kazai seg med denne filmen fram som to lovande og uredde filmforteljarar.
ØLS

LYDSKYGGER
REGI MANUS FOTO ANIMASJON Julie Engaas KLIPP Simen Gengenbach MUSIKK Jon Platou Selvig/Stian Torstenson LYD Håkon Lammetun MED Hege Norset Blichfeldt PROD Cecilie Bjørnaraa, True Fiction

I Lydskygger møter me stemma og livet til den blinde Hege Norset Blichfeldt. Gjennom små forteljingar og opplevingar frå kvardagen illustrert av Engaas opplever me som sjåande tilskodarar korleis ho perseperer verda kring seg.

Julie Engaas jobbar i denne filmen vidare med animasjonsstilen frå hennar og Kajsa Næss sin Leonidestorm frå 2004. Med illustreringar og elegante filmoverteikningar av råfilmen får ho i denne filmen fram ei vakkert komponert forteljing. Ho freistar nemleg her på noko så vanskeleg som å illustrere og synleggjere ei blind verd. Særskild vakker er den vare og rørslene streka i lydskuggane som heile tida smyg seg som visuell lyd kring på lerretet. Hege Norset Blichfeldt er forteljarstemma i filmen og får gjennom sine små kvardagsopplevingar og enkle bilete fram noko av den opplevinga ho har av verda kring seg. Ettertenksom film om ei verd som er uforståeleg for oss, men som Engaas og Blichfeldt set oss i litt betre stand til å forstå, ikkje minst at for Blichfeldt er me dei blinde – dei som ikkje «ser» hennar univers og verdsoppleving.
SIÅ

MEIN STAMPF OR THE DANCESHOW OF THE LAST CENTURY
BetaCam SP | 4 min | 2007
REGI MANUS FOTO KLIPP ANIMASJON Martine Grande MUSIKK Laila Totsås/Conor Patrick LYD Conor Patrick MED Leo Solter PROD Andres Mänd, Høgskulen i Volda

Denne filmen er en nazisatire i showinnpakning, noe som i og for seg har vært utprøvd før, og det med stort hell, i spillefilmer som To be or not to be (1983) og The Producers (1968 og 2005). Dette er dog første gang jeg har sett det som utgangspunkt for en animert dansefilm. Ideen er god: Med Hitler i midten, omringet av et spenstig nazikompani, går en drill over til å bli en variert liten danseforestilling med elementer av showdans, lyrisk jazz, hip hop, poledance og mye mer.

Animasjonen er ren, konsekvent og morsom, og er rammet inn i en slags tysk filmavis/variete-form som gir hele filmen en helhetlig visuell ramme. Gjennom små elegante elementer i koreografien klarer Grande også å gi uttrykk for nazistenes korrumperte syn på jøder og homofile. Det er godt tenkt, og godt utført, og filmen burde ha potensiale til å bli en langtraver på alle verdens kortfilmfestivaler, dansefilmfestivaler og animasjonsfilmfestivaler.
Filmen fikk en hederlig omtale av filmkritikerjuryen.
DJH

MIN BESTEMOR BEIJING
35mm | 8 min | 2008
REGI MANUS FOTO KLIPP Mats Grorud MUSIKK Zhang Lei LYD Bent Erik Holm PROD Pål Røed, Ape & Bjørn and Nubbsjangs

Ein mann hugsar attende til eit anleis Beijing og ein anleis barndom. Han leikar seg i alle rynkene til bestemora heilt til ein dag då sonen i huset bestemmer seg for å gje bestemora ei andletslyfting og verda vert endra. Filmen sluttar med barnet som gamal mann, forteljarstemma, som let sitt barnebarn leike seg i sine rynker.

Filmen til Mats Grorud er laga i imponerande djupn i bilete og detaljrikdom i plastelinanimasjonane. Som eit einkelt og morosamt barndomseventyr fungerer filmen bra, samstundes som ein har lagt til ein ekstra dimensjon i filmen gjennom metafor bruken. Bestemora er Beijing, og andletslyft som vert synt i sin industrielle brutalitet er byfornyinga og industrialiseringa i Beijing. Med fornyinga forsvinn alle dei gamle gatene, den eldre bebygginga og det som gav byen, ifølge Grorud, sin karakter og sjarm. Ein må allikevel få lov til å stille spørsmål med ein slik type nostalgi og forherling av tidlegare tiders levesett og bustandard. Det som er sjarmerande tronge gater med små trehus for oss kan like godt ha vore helsefarlege og fattegslege buområde, beint fram urein hud. Filmen er trass i slike «bodskaps» spekulasjonar ein god animasjonsfilm, som fortel ei enkel og morosam forteljing med dobbel botn.
SIÅ

OH, MY GOD!
35mm | 9 min | 2008
REGI Anne Sewitsky MANUS Kathinka Nicolaysen FOTO Anna Myking KLIPP Ida Kolstø LYD Gunn Tove Grønsberg DEKOR Sunniva Rostad MED Ebba Tangen/Julie Solberg/Ella Vicorie Henriksen Haagensen PROD Synnøve Hørsdal, Maipo Film & TV-produksjon AS

Gjennom filmen si voiceover forteljarstemme vert me leia gjennom tre elleve år gamle jenter sine barndomsopplevingar ein gong midt på åttitalet. For å vere den kule i gjengen må ein bringe med porno til ein jentekveld der målet er å oppnå orgasme. Vår protagonist og forteljar tek med seg seksualopplysingsboka Kvinne kjenn din kropp og slepp inn på jenterommet under tvil, men kan gå seirande frå konkuransen om å verte den tøffaste jenta.

Oh, My God! er ei befriande oppvekstskildring om seksualitet for jenter. Vanlegvis har denne typen direkte og humoristiske skildringar vore forbeholdt gutar. Filmen skil seg i så måte klart ut med andre typar referanserammer og vitsar, som kretsar rundt det å kunne oppnå orgasme gjennom å finne sitt eige g-punkt. Dei tre jentene spelar godt og morosamt og historia er full av gode, små poeng som vert avlevert treffsikkert. Der ein vanlegvis opplever jenter som passive eller fungerande som katalysator for gutar sin seksualitet i denne typen barndomskildringar, møter ein her tvert om tre aktive og handlande jenter. Befriande og uvant å sjå ein oppvekstfilm med fokus på jenter og sex.
SIÅ

OVUM
DigiBeta | 13 min | 2008
REGI Thomas Fossgård MANUS David Auby Johansen FOTO Roger Haugen KLIPP Christian Siebenherz LYD Christian Siebenherz (post) ANIMASJON Aleksandra Brozyna MED Nicholas Hope/Marianne Mørk Larsen/Morten Rudå/Karl Sundby PRODDavid Auby Johansen

Hovudpersonen i filmen er den innadvende og einsame bompengeinnkrevaren som får livet snudd på hovudet når han ein dag oppdagar eit gigantisk egg i leiligheten sin. Han blir etter kvart manisk opptatt av egget og fantaserer om at det skjular kimen til ein brutal og farlig dinosaur. Når egget klekker viser det seg å innehalde mannen sin dobbeltgjengar, men med den skilnaden at skikkelsen frå egget snerrar som ein dinosaur.

Historia i Ovum blir fortalt nesten utan dialog. Slik sett klarer regissør Thomas Fossgård å halde seg til ein gylden regel innan filmfaget, nemleg: «Show, don’t tell». Rett nok må Fossgård ty til bruk av animasjon for å få fram kva forestillingar hovudpersonen har om innhaldet i egget. Men elles er det ikkje eit stort følelsesregister som hovudpersonen spelar på. Han går stort sett frå å vera uinteressert og ignorant til å bli veldig oppslukt og forviten på innhaldet i egget. Avslutninga kan tolkast som at skikkelsen i egget er han sjølv med alle dei eigenskapane han projiserer inn i dinosaurfantasien. Slik blir skikkelesen den rake motsetninga til den gråe og kjedelege personen han eigentleg er. Filmen er OK fotografert, men kullissane og propsen framstår til tider som litt «billig». Om ein annan person enn Nicholas Hope i hovudrolla hadde gjort det mogleg å omprioritere litt på budsjettet, trur eg ikkje at filmen hadde tapt seg på det.
EV

PASJON
35mm | 13 min | 2008
REGI MANUS KLIPP Marius Ektvedt/Gunhild Enger FOTO Jon Gaute Espevold MUSIKK Gunnar Mathiason LYD Rune Van Deurs, Megafon DEKOR Cecilie De Lange MED Unni Rygh/Arild SvensgamPROD Guro Sætereie, Gulu

Eit enkelt interiør kjem til syne. Ei seng, eit bilete, ein gang og ei utgangsdør. Ei middelaldrande kvinne kjem inn, kler av seg og legg seg på senga. Ho sprutar krem i skrittet og på brystene og ventar. Mannen hennar kjem heim, set seg på sofaen, ho tek på han i lengt etter fysisk kontakt. Han går off screen og me høyrer lyden av eit TV apparat. Kvinna reiser seg og går klomsete/ustabilt vekk. Sceneteppe.

I form minner dette mykje om eit forsøk på å imitere Roy Andersson sitt sceniske og filmatiske univers. Det stabile kamerautsnittet, fargetoninga, dei små scenene, dybda i rommet og bruken av rommet utanfor biletet, skodespelarane i stille og tragikomisk uttrykk. Me får altså skildra noko komfort, satt og kjedeleg i ei komfor satt og kjedeleg setting. Langsomt, langsomt bygger Ektvedt og Enger opp mot eit sluttpoeng som alle veit vil komme.

Dette er altså ei kvinne sin freistnad på å vekke til live ei seksuell flamme som har slokna. Om dei ynskjer med dette å seie noko generelt om det å vere eit middelaldrande ektepar eller om dette er eit spesielt middelaldrande ektepar er vanskeleg å tyde ut frå filmen. I utgangspunktet ikkje noko dårleg handverk, timinga mellom sekvensane er bra, utsnitt og scenografi er velkomponert, men filmen fortel svært lite om noko som helst anna enn akkurat det scena syner: ei kvinne som kler seg naken og spøyter krem over kroppen sin.
SIÅ

PLIS
D-kino | 14 min | 2008
REGI Arild Østin Ommundsen MANUS Terje Torkildsen Eigil Jansen FOTO Tore Vollan KLIPP Arild Østin Ommundsen MUSIKK Thomas Dybdahl LYD Thomas Mortveit DEKOR Mia Koch MED Fredrik Hana/Anthony Ho-Yen/Kjell Breivik PROD Geir Netland, Sudvest Film

To menn på eit lager, ein ung og ein gamal. Ei kasse kjem frå det store utland med ein flyktning. Dei set flyktningen til å vaske og halde orden i lageret heilt til han ein dag flyktar og vert motteken av det offisielle Noreg og intervjua som politisk flyktning frå Burma. På lageret er alt attende til status quo, med unnatak av at dei smakar på maten til flyktningen og konstaterer at det smaka ikkje «drit» av det allikevel.

Arild Østin Ommundsen er mest kjend for langfilmane Mongoland (2000) og Monstertorsdag (2004) og for kortfilmane Før solen står opp (Gullstolen 1999) og Hevnens demon (1997). Filmen Ommundsen presenterer her er eit resultat av manuskonkuransen ÅtteKorte utlyst av Stavanger2008 der ein vart oppmoda til å sende inn manus som forheldt seg til omgrepet «Open Port». Målsettinga for den nasjonale konkuransen var å plukke ut åtte kortfilmer til produksjon av lokale krefter i Stavanger området der filmane skulle ha premiere under kulturbyåret 2008.

Forteljarmessig og teknisk er det lite å utsette på filmen til Osmundsen. Biletkvaliteten og bruk av lys i eit fortetta rom er god. Det vert lagt opp til klassisk forteljarteknikk, både i klipperytme, kameraføring og lysbruk. Ikkje minst er det fortetta lagerrommet der kommunikasjon med omverda kun føregår via telefon og tv eit godt grep som tydeleggjer det stengte og lukka i karakterane og samfunnet. På eit symbolsk nivå tydeleggjer desse grepa eit stengt, framandfiendtleg og uinteressert Noreg. Saman med scenografien, skodespelarane og bruken av filmatiske lydreferansar leverer Osmundsen ein film som tidvis fungerer morosamt og underhaldande samstundes som den undeliggjande bodskapen om eit trivielt, stengt og uinteressert Noreg vert boren fram utan å vere belerande eller dømmande. Men trass i dette maktar ikkje det gode handverket og den tidvis morosame dialogen og situasjonskomikken å overskygge manglane i historia som vert fortald.

Historia førheldt seg altfor tett opp til ein einskild ide som sitt berande element utan at det kjem nokon direkte problematsering eller diskusjon av denne ideen og dei symbolske elementa i filmen som ber den fram.

Den symbolske lukka verda førheldt seg lukka kun ihøve dei to hovdkarakterane og stenger ute mogelegheita for ei vidare fortolking av historia og omgrepet openheit. Verda utanfor fortonar seg open og utan direkte tilknytning til livet på lageret. Slik sett er det vanskeleg å sjå kva burmeseren sitt møte med norske logistiske lagerproblem har å gjere med hans møte med det offisielle Noreg, som tek imot han med opne armar. Godt handverk, men kanskje ikkje den mest fullendte historia.
SIÅ

POLYESTER
REGI MANUS Carsten Sørlie FOTO Roger Haugen KLIPP Rudi Moustafa MUSIKK Jokke & Valentinerne LYD Robin Coulthard MED Ingar Helge Gimle/Lasse Amundsen PROD Carsten Sørlie, Sub-Frequency

Ein far køyrer sin narkomane son til eit rehabiliteringssenter. På vegen kjem gamalt grums om den alkoholiserte faren til overflata og dei to endar opp i ein slåsskamp ute i ein åker. Så ringer mora i familien og roar ned stemninga. Harmonien er tilsynelatande atterreist.
Ein enkel liten film og forteljing som utan store problem og med godt skodespel av Gimle fortel ei tidvis morosam historie. Narrativt er det noko formelaktig over denne forteljinga som går frå tilsynelatande ro til konflikt, for atter å gjenvinne balanse i slutten av filmen. Filmen fungerer nok best i dei gode replikkvekslingane mellom Amundsen og Gimle i bilen og ikkje i utbrettinga av narrasjonen. Grei og morosam utan at den etterlet noko større inntrykk.
SIÅ

ROBIN
35mm | 4 min | 2007
REGI MANUS MUSIKK Eirik Sæter Stordahl FOTO PROD Torfinn Sanderud KLIPP Eirik Sæter Stordahl/ Torfinn Sanderud LYD Kaisa Milch/Morten Bekkevoll

Robin er ein film om den vesle personen som står opp mot overmakta for å hjelpe andre svake, men som til slutt når eit mettningspunkt og gjev klar melding om kva han meiner om feigskapen deira. Vi møter hovudpersonen Robin med blåveis på det eine auga etter å ha hjelpe kompisen sin. Saman er dei no på veg til ein fødselsdag. To eldre gutar prøver å presse dei til å gje frå seg gåvene, og nok ein gong må Robin ta imot juling for kompisen. Men denne gongen blir Robin lei av kompisen si unnvikande åtfred og gjev han det glatte lag i form av ei real lusing.

Regissør Eirik Sæter Stordahl har vald å skyte filmen på 8mm. Fotograferinga er generelt god. Det skarpe dagslyset får fram fargekvalitetane til filmen. Valet av filmtype i lag med 70-talslooken på kleda til skodespelarane, om enn ikkje like stilsikkert gjennomført i alle tilfella, skapar eit visst retro preg. Detaljen med 10-kronerseddelen er i så måte fin-fin. Den forholdsvis litt oppbrukte historia får på dette viset noko vemodig over seg. Historia høyrer liksom fortida til. I filmen Robin blir den fortald på ein knapp og konsis måte, utan vidare dikkedarer.
EV

ROSHAMBO
DV/DVCam | 1 min | 2008
REGI MANUS FOTO KLIPP MUSIKK LYD ANIMASJON PROD Lasse Gjertsen

Lasse Gjertsen er betre kjent som Youtube-lasse og har hatt formidabel suksess med tidlegare animasjons-snuttar der.Gjertsen har ein rein og fin strek, perfekt for Youtube, men også for stort format. I filmen møter me to enkle strekfigurar som spelar stein, saks og papir med einannan i eit kontinuerleg status quo. Etter kvart går dei over til å bruke andre våpen enn fingrane til å peike mot einannan, men det verkar som at ingen skal vinne krigen, motstandarane er for like. Roshambo er morosam, oppfinnsam og med eit sluttpoeng som fungerer. Med ei lengde på minuttet kan den heller ikkje skuldast for å vere for lang. Godt gjort.
ØSL

SHOES
DigiBeta | 4 min | 2008
REGI MANUS FOTO KLIPP Qian Shi MUSIKK Trygve Nielsen LYD Thomas Richard PROD Andres Månd, Høgskulen i Volda

I Shoes er historia lagt til eit slags Charles Dickens-samfunn på begynnelsen av førre århundre. Vi møter den vesle jenta som har bytta til seg eit par sko for å gje til faren. Dermed må ho sjølv gå barbeint gjennom snøen for å kome seg heim. Vel heime er skogåva med på å styrke bånda og kjærleiken mellom far og datter. Som eit svar på gåva som faren fekk frå dottera, lager faren ei dokke av den eine skoen (mogleg eit gamalt par).

Som ein sikkert skjønar, så går ikkje regissør Qian Shi av vegen for å spele på det sentimentale. For å lage ein trist historie kan det virke som ho har måtte la karakterane oppfære seg nesten irrasjonelt. Kven ville heller ha gått barbeint gjennom snøen med eit par sko i hendene, heller enn å ta dei på seg uansett kor store dei var i nummeret? Det naturalistiske ved historia vert i tillegg poengtert ved å vise til at skodokka faktisk eksisterer og er utstilt på museum. Om ein ikkje let seg affisere av det oversentimentale, kan ein kose seg med flott kolorert animasjon.
EV

SIMONS HJELP
(POMOC SZYMONA)
BetaCam SP | 27 min | 2008
REGI MANUS Leiv Igor Devold FOTO Filip Drozdz KLIPP Aleksander Stefanski/Andrzej Bressa MUSIKK Jan Duszynski LYD Marek Wlasny MED Stanislaw Gladysz PROD Marcin Kurek, Media Brigade

I denne polske dokumentaren får vi høyre om ei mor som blir drepen av den valdelege mannen sin. Attende sit tolv ungar som onkelen påtek seg ansvaret for. Det spesielle med filmen er at bileta i liten grad illustrerer dei grusome hendingane det vert fortalt om på lydsporet. I staden blir vi synt nokre idylliske bilete av folk som arbeider fredfyllt på nokre jorder. Motsetningsforholdet mellom det som vert fortalt og kva bileta syner gjer at ein stussar over referansen og sanningsgehalten til den forferdelige historia. Er historia berre ein fiksjon? Etter kvart vert det likevel klart at personane bak stemmene som fortel historia er dei same som vi ser arbeide på markene. Filmen endrar derimot karakter frå tidpunktet då ungane presenterer seg sjølv framfor kameraet. Herfrå dreier filmen seg om korleis dei ulike borna og onkel taklar det som har hendt, før den heile vert avslutt noko optimistisk når ungane fortel kva dei ønsker å gjere i framtida.

Filmen ber eit tydeleg preg av å ha blitt teke opp på video, noko dei vakre naturbileta må betale for. Konstrasten mellom dei vakre bileta og den grusomme historia er som nemnd noko av det mest spennande med filmen. Men slik sett er det kanskje greit at bileta til tider har eit noko grelt videopreg. Dermed vert dei ikkje absurde eller sentimentale i høve til historia som vert fortalt. Eit anna grep som må trekkast fram er den utbreidde bruken av voiceover. Ungane og onkelen vekslar på å fortelje om oppfatningarne sine av det som har hendt. Til tider kan det vera litt vankeleg å få ei forestillling om kven av karakterane det er som taler på lydsporet, særleg i starten. Ut over i filmen vert talen i sterkare grad illustrert med bilete av vedkomande som talar. På denne måten vert ein betre og betre kjend med kven desse personane er. Valet av den optimistiske og såleis sentimale avslutninga kan oppfattast som å gå på akkord med grunntonen i historia. Med den lukkeleg slutten på filmen blir hendingane og opplevinga liksom avrunda, som eit «Vel, det var det». Dei portretterte personane opplever det neppe slik.
EV

SUNDAY MORNINGS
DV/DVCam | 9 min | 2007
REGI MANUS KLIPP PROD Jannicke Låker FOTO Per Teljer /Jannicke Låker LYD Anita Di Bianco DEKOR Jan Dietrich MED Marika Enstad

Ei einsleg kvinne kjem heim til husværet sitt etter det som må vere ei real fyllekule på byen. Me følgjer hennar lite verdige kamp for å komme seg inn døra, kle av seg og nå senga. Eit svært vanskeleg prosjekt på ein slik søndags morgon. Filmen er ei vellykka oppvising i sakte slapstick-humor, der særleg det å få av seg kjolen viser seg å vere svært hasardiøs øving. Filmen viser fram det skjulte private rom, det som ein helst ikkje vil andre skal sjå. Dei få kamera som fangar kvinna er statisk plassert utvalte plassar i husværet, nærast som overvåkingskamera, og filmen vekslar mellom desse få utvalte utsnitta. Mykje blir likevel ikkje fanga opp av lensa og hendingane blir overlete til lydsporet å formidle. Alt dette er med på å forsterke inntrykket av at dette er noko me helst ikkje skal sjå, det er privatsfærens grenser me har tråkka over og får del i. Kontrasten mellom festløva på byen og det stakkarslege kreket som prøver å nå senga er enorm, men gjenkjenningseffekten er nok stor for mange. Filmen er prisverdig nedtona og rein, ingenting ekstra på lydsporet eller i lensa her. Skodespelarprestasjonen er utmerka. Sunday mornings er noko så sjeldant som ein kunstfilm med stor folkeleg appell, ypparleg gjennomført.
ØSL

SVANEN
DV/DVCam | 9 min | 2007
REGI MANUS Rudi Moustafa FOTO Espen Thomassen KLIPP Lasse Kringen LYD Espen Thomassen MED Grete Dahl PROD Frederik Hestvold, Film og TV-akademiet, NISS

I denne korte dokumentaren møter me ballettdansar Grete Dahl frå Oslo som fortel om sitt liv i den store verda som dansar og sin generelle livsfilosofi.

Filmen er enkel og og bruker enkle verkemiddel. I positiv retning for denne filmen ligg det at den ikkje vel å trekke ut sitt materiale, men fokuserer i all hovudsak på den muntlege forteljinga til Grete Dahl. Slik sett fungerer den perfekt som ein kort-dokumentar som har latt stoffet definere format og lengde og ikkje omvendt. Ein kjedar seg ikkje i løpet av forteljinga. Grete er både morosam og har ei interessant historie å fortelje. Ein må likevel stusse på kvifor ein har valt dei litt uforståelege video/TV overgangane, og den lengre sekvensen med den dansande ungjenta verkar malplasert og heilt unødvendig for Grete si forteljing. Desse elementa både forstyrrar og øydelegg den i utgangspunktet godt klippa forteljinga. Historia er nok i seg sjølv og trengte ikkje denne formen for unødvendig straffasje. Perfekt lengde ihøve materialet og interessant hovudkarakter.
SIÅ

SØNDAG
DigiBeta | 7 min | 2007
REGI KLIPP Guro Bruusgaard MANUS FOTO Fijona Jonuzi MUSIKK LYD Tobias Hylander MED Caroline Lillås/Jeanette Lillås PROD Petter Jakobsen SELSKAPET/Petter Jakobsen Produksjoner

To søstrer er på veg til kyrkja ein søndags morgon, dei er pent kledd. Dei skal i barnedåp. Turen går gjennom ein lang, solfylt skogsveg. I byrjinga ser me berre føtene deira, og når me får sjå dei i heilfigur er det er vanskeleg å fange alderen deira då det handhelde kameraet er svært uroleg. Det kunne like gjerne vore to venninner på veg til eller frå fest. Men dei er tydelegvis ikkje så nære likevel, og då yngstejenta uoppfordra byrjar å tolke storesøstera sine val gjennom livet, så råkar desse som verbale nålestikk. Ho stikk og stikk, bevisst eller ikkje. Søndag følgjer det meste av dogmereglane, med reallyd, handhelde kamera og ingen kunstig lyssetting. Samspelet mellom dei to skodespelarane i dette vandrande kammerspelet fungerer godt. Me får ikkje svara på alle spørsmåla som blir stilt servert, dei blir berre hinta til og blir opp til oss som tilskodarar å lese inn.
ØSL

TANAKH BIBELEN AL-QURAN
35mm | 5 min | 2007
REGI MANUS Ole Mads Sirks Vevle FOTO KLIPP Morten Skallerud LYD BJ Nilsen/Chris Watson PROD Ingvild Hellesøy, Enkeltmannsforetaket OleMads Sirks Vevle

Ole Mads Vevle er tilbake med nok ein film som skil seg ut. Denne gongen er den kort, pen, reinskåren og befriande enkel. Til og med fortekstar og ettertekstar er uteletne. Det er tre store skrifter som er sentrale, og dei blir presentert som seg sjølve, som skrift på ark. Først blar me oss gjennom den jødiske bibelen side for side, dernest den kristne Bibelen og til sist den muslimske koranen. Fotograf Morten Skallerud har gjort ein formidabel jobb med avfotograferinga. Det heile er over på under fem minuttar, men på den tida har me blitt gitt tid til å reflektere over desse konkrete skriftene som dannar grunnlaget for store delar av jordas tru og religiøse overbevising. Me får ikkje med oss anna enn nokre flyktige ord eller teikn der teksten og teikna vakkert dansar i ordna flyt over filmlerretet. Kvite ark mot svart bakgrunn. Men me ser bøkene i sin konkrete form, og det er akkurat desse enkle bøkene og tolkinga av desse som har forma historia vår og som framleis gjer det. Dei er konsentrasjonar av makt. Er dette alt kan ein spørje seg, er det mogleg at så mykje kontrovers er samla i noko så lite og enkelt? Filmen balanserer på grensa til det banale, men landar på riktig side.
ØSL

TANGO DE YAPA
REGI MANUS Anne Siri Wathne FOTO KLIPP LYD Victor Marquez PROD Agnes Nilsson

Menneska under sydlegare himmelstrok er beundringsverdig lukkelege og vitale til trass for den materielle fattigdomen dei lever i. Langt på veg er det denne klassiske myten som filmen Tango de Yapa bygger opp om. Regissør Anne Siri Wathne har intervjua og observert ei gruppe pensjonistar i Buenos Aires. I filmen møter vi dei i arbeidsituasjonar enda dei er langt over pensjonistalderen her til lands, eller vi observerer dei i godt lag slik tilfellet er når dei dansar tango. Vi får mellom anna høyre om korleis dei ser på livet, kva dei set pris på i kvardagen og kva framtidsutsikter dei har. Til trass for den høge alder og klager om dårleg råd, verkar dei svært positive til framtida si.

Wathne kjem tett inn på folka ho intervjuar. Uanstrengt legg pensjonistane ut om sine sorgmuntre livsbetraktningar. Miljøskildringa, karakterane og eit visst fokus på tangoen og musikken sin sentrale plass gjer det vanskeleg å ikkje tenke på Buena Vista Social Club når ein ser Wathne sin film. Den ikkje fullt så gode kvaliteten på video-opptaka skjemmer derimot litt i så måte. Enkelte stader har ein heller ikkje vore like heldig med klyppinga. Slik som når det vert klypt midt i ein påbegynt fade. Ut frå eit ideologisk synspunkt kan ein òg stille seg negativ til den nemnde myten som filmen byggjer opp om. Dei verkelege problema knytt til fattigdomen blant argentinske pensjonistane vert ikkje kommentert i det heile.
EV

TRO, HÅP OG ÆRLIGHET
DV/DVCam | 24 min | 2007/08
REGI MUSIKK ANIMASJON DEKOR MANUS FOTO KLIPP LYD PROD Helene Torp
MED Terje Brevik/ Linda Skaaret

Gjennom abrupte og hoppande tankesetningar og infantilt illustrerte teikningar brettar ein ut livet til eit par i all sin irrasjonalitet.
Ei ikkje lineær fiksjonsforteljing som fortel historia om eit par sine indre tankar, problem og liv. Filmen er nærast befriande i sin upretensiøse og leikne ustruktur, ikkje minst understreka av at alle dei enkle poenga og morosame spissformuleringane frå eit kaotisk og irrasjonelt tankeliv vert illustrerte av enkle barneteikningar. Torp er ikkje minst morosam i samband med utbrettinga av parets patetiske freistnader på leve eit rett liv, eit viktig liv, eit miljøvenleg liv. Eit slags sjukdomsportrett av einskildindividas søken etter eg-et. Morosame einskildhendingar, absurd dårlege teikningar og teksta voiceover forteljing som får lagt opp til ei historie som ein kan sette saman sjølv som tilskodar i den narrative linja ein tykkjer passar. Eit interessant prosjekt som mot slutten av filmen misser tilskodaren si interesse. Litt for langt og litt vel gjentakande, men absolutt annleis.
SIA

TURNING TRICK
35mm | 5 min | 2008
REGI MANUS KLIPP PROD Kaja H. Leijon FOTO Øystein Mamen LYD Thomas A Østbye MED Camilla Sofie Wendt/Lovisa Mokrosinski-Hoel/Rosmarie Rekdal Solberg/Julie Okkenhaug/Siglinde Været PROD

Fem jenter leikar i ein park. Kva dei eigentleg leikar vert aldri heilt klart. I starten ser ein berre korleis dei spring og spionerer på kvarandre. Når dei etter kvart samlast, kan det verke som at leiken tek ei ny vending når nokon slår den eine jenta på magen. Etter dette er det ein slags cowboyleik som gjeld. Den eine jenta går brått mot dei andre, og i ein klassisk shoot-out dør alle til slutt.

Det er lite å utsetje på den tekniske gjennomføringa. Filmen er stort sett fotografert med vekt på halvnære bilete av føter som spring, det nemnde klasket på magen og nærbilete av uttrykksfulle andlet som spelar opp mot einannan. Slik unngår Leijon å vise sjåarane heilskapen. Vi må nøye oss med deler og fragment. Denne mangelen på heilskap og total oversikt er med på å poengtere det irrasjonelle ved leiken. Reglane vert aldri heilt klarlagt. Ein må prøve seg fram med ei handling for å sjå korleis dei andre deltakarane svarer på den. Ein spesiell gest fører til at leiken og rollene er snudd om. Dei som var på laget ditt er brått i mot deg. Først i det siste biletet ser vi fire av jentene ligg «død» på bakken. Her stoggar leiken og filmen.
EV

TYVSTART
DigiBeta | 28 min | 2007
REGI Leiv Igor Devold MANUS Krzystof Sliwka FOTO Radoslaw Ladczuk KLIPP Mariusz Kuz MUSIKK Wojciech Blazejczyk/Vidar Bergethon Holm/Super Family LYD Agata Piotrowska DEKOR Camilla Aas/Dyveke Bjørkely Graver MED Marcin Sztabinski/Beata Kozikowska/Zuzanna Czerwinska/Ingrid Bolsø Berdal/Øystein Martinsen/Anna Gajewska PRODBeata Gzik, PWSFTviT

Witek har sluppe ut av fengsel og reiser til Noreg for å overtale sin ekskjæraste Teresa og deira felles barn å flytte attende til Polen saman med han. Gjennom møter med Teresa og dottera følg me hans kamp med seg sjølv og dei, til han i slutten av filmen sit åleine på flyplassen og ventar.

Devold leverer med denne filmen forteljarmessig godt, klassisk handverk. I oppstarten av filmen nyttar han ei einskild lita scene til å sette premissane for resten av forteljinga. I scena der Witek freistar å kome seg inn i ei leilegheit for å finne ut om kjærasten er der får me ikkje berre presentert konflikten og målet til hovudkarakteren, me får og sett eit fint stemningsbilete av ein mann som slit med eigne agresjonsproblem. Ein god og ubehageleg start som sett karakteren. Filmen gjer seg og godt av bruken med handholdt kamera som gjev rørsler i biletet og eit lett dokumentarisk preg over stilen. Bruken av DigiBeta aukar denne autentiske kjensla i filmen, trass i at biletkvaliteten og den generelle videofeelinga ein får skapar eit litt hardt lys i filmen, med grelle fargar. Devold er og flink til å nytte klipperytme og lydsporet til å sette dei ulike stemningsskifta, slik som til dømes ved bruk av raske klipp og tette biletutsnitt i konfliktsituasjonane og lange tause tagningar i stille situasjonar, noko som aukar ubehaget ved stillheita. Musikksporet vert nytta symbolsk til å overdøyve den naturlege lyden ved kjenslesterke scener.

Tradisjonell, men god, bruk av biletspråket, samt gode skodespelarprestajonar skapar ein truverdig og sjåverdig film.
SIÅ

TØRT OG KJØLIG
35mm | 12 min | 2008
REGI Kristoffer Joner MANUS Per Schreiner FOTO Sjur Aarthun KLIPP Veslemøy Blokus Langvik MUSIKK Børge Fjordheim LYD Petter Fladeby DEKOR Martin Gant MED Jeppe Beck Laursen/Ingar Helge Gimle/Edward Schulteiss PRODBjørn Arne Odden, Spillefilmselskapet Odin AS

Filmen spelar på ideen om frysetørring – av menneske. Hovudkarakterane er dei to litt keitete og enkle arbeidskameratane som har ansvaret for å fryse ned avvikarar i samfunnet. Tanken er å tine dei opp att når ein har funne botemiddel mot skavankane deira. Etter kvart let alle seg tørke frivillig ut frå ønske om å bli tint opp når samfunnet kan rette på det ein ikkje er nøgd med seg sjølv.

Historia vert fortald med velkomponerte bilete, der ein har lagt vekt på ein enkel og stilrein scenografien. Slik klarer ein å skape eit visst sterilt high-tech univers. Hovudpersonen sin liggesykkel er talande i så måte. Regissøren Kristoffer Joner er dessutan flink til å bruke rommet utan for utsnittet. Dette vert særleg tydeleg i avslutningsscena der ein ser alle bilane og syklane utanfor bedrifta Norsk Folkepreservering. Både når det gjeld tema og filmatisk uttrykk ber Tørt og Kjølig tydeleg slektskap med ein film som Den brysomme mannen. Sistnemnde film var òg ein kritikk av einsrettinga og vekta på det perfekte i samfunnet vårt i dag. Det kan kanskje verke som at vi har ei lita bølgje av slike godt gjennomførte filmar, som med ein underfundig og humoristisk tone gjev eit skråblikk på samfunnet vi lever i. Om denne følelsen brer om seg vil filmane i så fall inngå i den einsretting dei sjølv kritiserer. Eit lite paradoks.
EV

TÅGRABBERI – EN ENKEL SIMPLIFISERING AV EN KONKRET IDE OM SKJEBNEN… JA, OGSÅ OM KJÆRLIGHETEN DA
DV/DVCam | 1 min | 2007
REGI MANUS FOTO KLIPP LYD ANIMASJON Eivind Larssen/Øystein Håland PROD Samir Zedan, Nordland kunst- og filmfagskole

Ein lang tittel på ein svært kort film. Tittelen seier det meste om filmen og dens innhold. Det er ein stop-motion animasjon der eit modelltog med ein mann og ei kvinne inni går eit par rundar rundt ein modelljernbane før hindringa som blir lagt på jernbanesporet framfor dei blir for stor. Fint fotografert i stumfilmstil og med blåleg filter, men elles lite å hente ut over det som alt har blitt sagt til no.
ØSL

UTROSKAP OG OVERVAAKNING
DV/DVCam | 4 min | 2007
REGI MANUS KLIPP Jonas Engen FOTO FotoFunke MUSIKK Alessandro del Greco LYD Lars Julio Muri PROD Jonas Engen, Fiffig Film

En episode observeres gjennom et overvåkningskamera og setter i gang en kjedereaksjon av en historie som inneholder alt fra drap til skofetisjisme. Men av alt som skjer er det likevel en lesbisk flørt som regissøren opplever som mest pikant, i alle fall etter tonen i voice-overen å dømme. Han om det.

Ideen til denne filmen er god, en slags ringer på vannet historie, hvor den ene lille hendelsen griper inn i den andre, og skaper et ras av konsekvenser. Men selv om det er til dels morsomt gjort, og voicen i og for seg både er velskrevet og har særpreg, føles det ikke som filmens potensiale er godt nok utnyttet. Med et noe høyere ambisjonsnivå kunne regissøren ha løftet refleksjonsnivået og brukt ideen til å si noe mer om det som skjer enn det vi faktisk ser.

Hadde filmen vært støttet av en konsulent burde en ha forventet dette, men siden den ser ut til å være mer eller mindre egenfinansiert, bør en kanskje heller bare berømme ideen og gjennomføringen og heller håpe at Engen prøver å legge inn noen flere nivåer neste gang.
DJH

VARDE
35mm | 15 min | 2008
REGI MANUS Hanne Larsen FOTO Marius Matzow Gulbrandsen KLIPP Lars Apneseth LYD Rune Hansen PROD Mona Steffensen, Original Film AS

Elleveåringen Johan stenger klassens mobbeoffer inne i mørk sjakt, og ufrivillige hindringar gjer at tida går utan at han greier å ta ansvar for handlinga. Alvoret i situasjonen blir tyngre og tyngre å bere.
Varde står fram som ei heilstøypt og vellykka skildring av samvitsnag og ansvarskjensle opp mot barnsleg leik og lettvinte løysingar. Johan leiker med elden og blir erfaringar rikare. Tankane går til Albert Åberg-klassikaren der Albert slår til den minste guten på fotballbanen så denne byrjar å blø naseblod, og når han ikkje dukkar opp neste dag så trur Albert han har drepe guten. Skilnaden er at i Varde er situasjonen meir alvorleg, og uvissa om alvoret i hendinga når ut til publikum i ein viss grad, sjølv om genreforventningane neppe ville tillete at utfallet skulle bli så tragisk. Kva pedagogisk verkty ville i så tilfelle filmen fungert som?

Scenografien i filmen er sikkert utført og med svært typebasert persongalleri. Johan er den litt tynne pingla som liker å mingle seg med tøffegutta, men kroppsspråket viser tydleg fram at han ikkje er trygg i situasjonane. Armane henge konsekvent tafatt ned langs kroppen og kleda han er kledd opp i er på ingen måte noko tøffe gutar ville brukt. Fokuset blir retta mot kroppen og fjeset til Johan, hans rådville og handlingslamming. Ansiktet speglar den nagande skuldkjensla i den unge kroppen. Kamera tek også stundom hans subjektive rolle, og virvar med i andeløyse og frykta for konsekvensar. Lydbruken av til dømes tung, panisk pust støtter opp om dette. Fargebruken og lyssettinga dreg med seg kulda ute og speglar innvending panikk på ein flott måte. Me held pusten med Johan. Ein svært velgjort film som veit å nytte seg av klassiske filmatiske forteljargrep på ein effektiv måte.
ØSL

XY
35mm | 5 min | 2008
REGI MANUS David Reiss-Andersen FOTO Nico Poulsson KLIPP Jens Christian Fodstad MUSIKK Nicholas Sillitoe LYD Christian Schaanning MED Kim Bodnia/Maria Grazia Di Meo PROD John-Einar Hagen, Pravda

En mann sitter på et hotellrom. Telefonen ringer. I sekundene som går mens han venter på å ta den kjemper han en indre kamp med sine demoner; enten det er forestillinger om hva som kan komme til å skje eller minnebilder av noe som en gang har skjedd og som eventuelt skulle kunne skje igjen.

Selve handlingen varer kanskje ti sekunder, toppen; det er det som skjer innimellom som utgjør selve filmen. Og hva som skjer er det i stor grad opp til publikum å avgjøre. Hvilket er noe av de jeg liker best med filmen. Den er fullstendig åpen, samtidig som den har en enhet i handling og rom som gjør at den likevel føles fullendt. Og det er jo det man som kortfilmskaper vil få til. Dermed har Reiss-Andersen, slik jeg ser det, klart å knekke selve «kortfilmkoden ».

På mange måter er dette også en «klippefilm», dvs, en film som står og faller på at klippen fungerer 100 prosent, noe den gjør her; nivåene flyter umerkelig inn i hverandre, og skaper forskyvninger i tid og rom, som igjen skaper intensitet og spenning. Regien bygger på et nøye utarbeidet bevegelsesmønster, som i en koreografi, med variasjoner over ett tema som gir filmen rytme og musikalitet.

Det eneste som bryter med enheten er tittelen, XY, som mangler kombinasjonen av det strenge og subtile som kjennetegner resten av filmen. Jeg vet ikke helt hvordan man skal forstå den heller. XY? To ukjente variabler? Jeg vil si at det er flere. Men uansett hva man måtte mene om tittelen, ødelegger den ikke for det som må sies å være en av årets mest vellykkede kortfilmer, og som mottok en velfortjent hederlig omtale av hovedjuryen.
DJH



Relatert

Årets norske kortfilmer anmeldt

Z #3 1992: Siden kortfilmfestivalen i Trondheim i 1984 har Z hvert eneste år anmeldt samtlige norske [...] | kun utdrag

Årets nye norske kortfilmer – anmeldt

Z #1 1985: Kortfilmfestivalen i Trondheim bød på litt av hvert blant de norske bidragene. Rein amatørfilm [...] | kun utdrag

Årets norske kortfilmer anmeldt

Z #3 1989: I juni ble den norske kortfilmfestivalen avholdt på godt sommerføre i idylliske Grimstad, og [...] | kun utdrag


Fra siste Z

Kvinner som ser

Andrea Arnolds filmer skaper nye rom for kvinners blikk - og for hvordan sex kan skildres på film. | kun utdrag

Maskulin heimstaddikting

Shane Meadows’ selvbiografiske Midlands-filmer.

Rulle med Rob og Steve

Fest sikkerhetsbeltet! I The Trip blandes humor, lokal mat, vennskap, litteratur, kunst og intertekstualitet sammen på de mest elegante og uventede måter. | kun utdrag


Fra arkivet

Rebecca – og den kvinnelige identitetsdannelsen…

Z #1 1994: Hitchcock uttalte i et intervju til François Truffaut på spørsmål om han var fornøyd med [...] | kun utdrag

Det var en gang…

Z #4 1984: Once upon a time in America er nostalgi, en genrefilm som benytter seg av genrens spilleregler i [...] | kun utdrag

Det amerikanske idealet

Z #2 1993: Kravet om en publikumsvennlig og populær film blir på nytt utbasunert fra avissidene. Flere [...] | kun utdrag